- Me har hatt fleire personar inne til avhøyr etter ranet, seier politioverbetjent Lars Fykse.
Natt til måndag tok ein væpna og maskert person seg inn på hotellet på Voss og stakk av med heile innhaldet i safen.
Høgt prioritert
- Me set inn dei ressursane me har for å få oppklart saka, seier Fykse.
-Saka er høgt prioritert, seier politiovervetjenten.
Så langt har politiet på Voss ingen mistenkde i saka.
Interessert i tips
Trass i at politiet ikkje har nokon mistenkde etter ranet håpar lensmannskontoret på ei snarleg oppklaring.
- Me er interessert i tips frå publikum, seier politioverbetjent, Lars Fykse.
Det er framleis uklart kor mykje pengar ranaren fekk med seg då han braut seg inn i safen på Fleischers hotell natt til måndag.