NRK Meny
Normal

Fleire og fleire brukar heimen sin som hotell

Stadig fleire nordmenn tener gode pengar på turistane som kjem hit. Rundt 3000 opnar dørene, og inviterer reisande til å bu i heimen sin.

Hilde Øvreeide leiger ut gjesterommet

HER SKAL DEI BU: Hilde Øvreeide får turistane inn i eiga stove denne sommaren. Ho tek 600 kroner natta når ho leiger ut til reisande frå heile verda.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Gjennom nettstaden Airbnb har rundt 3000 nordmenn oppretta utleigeannonse.

Stadig fleire ser det å opne dørene for vilt framande som ei moglegheit til å tene litt ekstra pengar på reisande frå heile verda.

– Eg har prøvd å tenke kreativt for å stikke meg ut i mengda, seier Hilde Øvreeide som merkar konkurransen om turistane.

600 kroner for ei natt på gjesterommet

Leiger ut rom til turistar

Øvreeide leigde tidlegare ut rommet gratis, men tek no betalt fordi ho sparar til si eiga reise.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Ifylgje nettstaden Airbnb kan ein no kjøpe overnatting frå lokale vertar i 190 land og i meir enn 34 000 byar.

Øvreeide byrja å invitere turistar inn fordi ho syns det var kjekt å treffe menneske frå heile verda. Først gjorde ho det heilt gratis, men no sparar ho til si eiga reise og tek 600 kroner for ei natt på gjesterommet i leilegheita.

– Eg er ein ganske open person og har ikkje noko imot at folk kjem inn på livet mitt på denne måten, seier ho.

Fleire ser moglegheita for ei ekstrainntekt

Øvreeide er langt frå åleine om å leige ut til turistar. Rundt 3000 nordmenn har alt oppretta utleigeannonse, og fleire ser ei moglegheit til å skaffe seg ei ekstrainntekt.

– Me ser heile tida at det er stor pågang av utlendingar som har lyst å kome hit, og som gjerne vil bu meir lokalt og leve etter livsstilen til ein vanleg nordmann, seier leiar for Airbnb i Norden, Even Heggernes.

Heggernes fortel at veksten i Norge har vore vanvitig stor. Det siste året har trenden vakse med over 200 prosent.

– Eg trur det appellerer fordi det stort sett er eit billegare alternativ til dømes hotell, men og fordi folk flest har reist mykje og ynskjer å oppleve byar og land på ein ny måte.

– Føler meg heilt trygg

Gjennomsnittsutleigaren leiger ut i om lag 30 døgn i året.

Gjesterommet i leilegheita til Hilde Øvreeide er eigentleg eit kontor utanom turistsesongen. Ho føler seg trygg på å invitere vilt framande inn i heimen sin.

– Eg føler meg trygg på dette. Foreldra mine har drive med det som heiter Intervac, der dei byter hus med nokon og det har fungert veldig bra.

Så mange nordmenn konkurrerer no om å tene pengar på turistane at Øvreeide føler ho må byrje å tenke kreativt for å skilje seg ut i mengda.

– Eg trur eg skal henge opp ei hengekøye her, slik at rommet skil seg litt ut.

Even Heggernes i Airbnb trur veksten berre kjem til å fortsette.

– Me kan til dømes samanlikne oss sjølve med Danmark, og der er det er over 12 000 registrerte utleigarar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.