Hopp til innhold

Fleire stengde vegar

Det er framleis fleire stengde vegar i fylket etter uveret i natt. Blant desse er fylkesveg 7 mellom Norheimsund og Granvin, som er stengd på grunn av rasfare. Sjå oversikta over vegar og ferjestrekk som er råka av uveret her:

Enorme vassmengder og lausmassar stengde E39 på Vassenden i Jølster. Søndag morgon var vegen framleis stengd.

E39 opna for trafikk igjen etter ras

Stengde vegar, jordskred og kraftige vindkast. Vegar og ferjesamband blei råka då uvêret slo inn over Vestlandet laurdag kveld. Klokka 16 søndag vart E39 gjennom Jølster opna for trafikk igjen.