NRK Meny
Normal

To døde og fem skadde i trafikkulukke

Ei kvinne og ein mann er stadfesta døde og fem personar er skadde etter ei alvorleg ulukke på fylkesveg 48 i Hordaland. Tre av dei skadde er barn.

Trafikkulukke i Fusa

ALVORLEG ULUKKE: Ein døde og seks blei skadde i trafikkulukka i Fusa søndag ettermiddag.

Foto: Vegard Strønen / Varde Film & Media

To personar omkom i trafikkulukka i Fusa, det stadfestar politiet klokka 19 søndag kveld.

Den alvorlege trafikkulukka skjedde litt over klokka 15 søndag ettermiddag, i sørenden av Sævellavatnet i Fusa kommune, like etter kommunegrensa mot Samnanger. AMK fekk melding om trafikkulukka i 15.30-tida.

Den første meldinga om ulukka sa at sju personar var skadde og at to eller tre av dei var fastklemde. Klokka 16.20 opplyste politiet at ein person er død og to alvorleg skadde.

To døde og fleire skadde

Alle dei skadde blei sendt til Haukeland universitetssjukehus. Tre blei flydd i luftambulanse, to blei køyrde i ambulanse og ein blei frakta til sjukehuset med eigen transport.

Klokka 19 opplyser politiet at ytterlegare ein person er stadfesta død.

To bilar var involverte i ulukka, i den eine bilen satt det fem personar og i den andre to personar.

Tre barn skadde i ulukka

Ulukka skjedde mellom to møtande bilar, men det var ikkje ei front mot front ulukke. Det blir meldt om at det er glatt på ulukkesstaden, opplyser Hordaland operasjonssentral på Twitter.

Haukeland universitetssjukehus opplyser søndag kveld at dei to som døde i ulukka var ei kvinne og ein mann. Dei fem andre personane som var involverte i trafikkulukka opplyser sjukehuset at er lettare skadde.

Dei fem som er lettare skadde er tre barn, ei jente og to gutar, ei 67 år gammal kvinne og ein 71 år gammal mann.

To personar er stadfesta døde og fem personar er skadde etter ei alvorleg trafikkulukke i sørenden av Sævellavatnet i Fusa kommune søndag.

Dødsulukke på fylkesveg 48 i Fusa kommune. Ole-Andrè Lagmandokk, NRK.

– Glatt og sleip vegbane

Politiet opplyser at det er for tidleg å seia noko sikkert om årsaka til ulukka.

– Me har ikkje kome så langt i undersøkingar ennå, men me konstaterer at det er forholdsvis glatt og sleip vegbane, seier politioverbetjent Lars Erik Dalland til NRK.

Vidare etterforsking av trafikkulukka vil bli gjort av politi ved Fusa og Tysnes lensmannskontor. Politiet ønskjer søndag ikkje å gi personopplysningar om dei skadde eller omkomne.

Lensmannskontoret vil i løpet av søndag kveld organisera eit kriseteam.

Vegen vil vera stengt i lang tid

Alle naudetater rykka ut til ulukka og det blei også sendt to luftambulansar til ulukkesstaden då AMK blei varsla klokka 15.30.

Statens vegvesen opplyser om at vegen kjem til å vera stengd i lang tid utøver søndag kveld.

Omkøyring skjer på Fylkesveg 49 mot Omastrand og Mundheim og på Fylkesveg 7 mot Kvam.

Klokka 18.15 melder politiet at ulukkesvakta til Statens vegvesen arbeider på ulukkesstaden og at vegen vil vera stengt i minst ein time til.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit