Hopp til innhold

Fire kvinner alvorleg skadde i kollisjon

Fire personar er alvorleg skadde etter at to bilar har frontkollidert på E16 ved Stanghelle i Vaksdal. Dei åtte involverte måtte skjerast ut av bilane.

Bilvrak etter frontkollisjon på E16 ved Stanghelle

TOTALSKADD: Slik såg ein av dei to bilane ut etter ulukka. Dei som var inne i bilen måtte skjerast ut.

Foto: Privat

Åtte personar var involverte i ulukka. Dei første meldingane gjekk på at sju var skadde, og at to av desse hadde kritiske skader. Politiet fekk melding om ulukka litt sør for Stanghelle på E16 i Vaksdal kommune klokka 17.02.

Totalt vart sju personar sende til Haukeland sjukehus med alvorlege skader. Dei skadde, seks kvinner og ein mann, er i ein alder mellom 22 og 39 år. Tre personar sat i ein norsk bil, medan fem sat i ein tsjekkisk bil.

SISTE: Helse Bergen melder seinare fredag kveld at fire av dei som vart send til Haukeland sjukehus har alvorlege skader, medan to har lettare skader. Ein person ligg på Voss sjukehus med lettare skader

Klokka 19.25 melder Statens vegvesen at vegen er opna igjen.

Måtte skjerast ut

Bileta syner at begge dei to bilane er totalskadde etter kollisjonen. Overbetjent ved Voss lensmannskontor, Edvin Kallestad, seier at dei ser verre ut fordi brannvesenet måtte rive laus delar av køyretøya for å få personane ut.

– Det er heilt normal prosedyre ved ulukker der folk er skadde. Det er for å få dei ut på ein rask og sikker måte, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Kø ved Vaksdal grunna trafikkulukke Stanghelle

LANGE KØAR: Det er meld om lange køar grunna ulukka. Dette biletet er teke ved Vaksdal.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Avhøyrer vitne

Årsaka til ulukka er førebels ukjend.

– Eg kan ikkje uttale meg om det før vi har snakka med vitne. Vi har ikkje teke stilling til om vi skal gjere tekniske undersøkingar på ulukkesstaden, seier Kallestad.

Politiet kom raskt til staden.

– Vi hadde ein patrulje under transportoppdrag og kom difor raskt på staden. Patruljen varsla sju skadde, seier operasjonsleiar Preben Wallestad til NRK klokka 17.25.

Det var først ukjend kor mange som var i dei to personbilane.

– No har vi fokus på livreddande arbeid, sa Wallestad like etter at politiet var komne til staden.

Ulukka førte til lange køar på staden før vegen vart opna klokka 19.25.