Hopp til innhold

Fleire rusmisbrukarar tar abort

Tvangsbehandling av gravide rusmisbrukarar har ført til auka aborttal.

Video Fleire rusmisbrukarar tar abort

Bruken av tvangsbehandling av gravide rusmisbrukarar aukar kraftig i Bergensområdet.

Ifølgje Helse Bergen har det vore ein eksplosiv auke i bruken av tvang mot gravide rusmisbrukarar i år, men nøyaktige tal er ennå ikkje klare.

Noreg er det einaste landet i Europa som har innført ein tvangsparagraf til bruk mot gravide rusmiddelavhengige. Tvangsparagrafen blei innført allereie i 1996, og målet er at den skal beskytta det ufødde livet mot skadar frå rusmidla.

Utvegen blei å ta abort

NRK har tidlegare fortalt historia til gravide Marlene. Ho blei pågripen av politiet og sendt til tvangsbehandling . 21-åringen er rusmisbrukar, og tvangsbehandlinga skulle beskytta hennar ufødde barn.

Marlene klaga tvangsbehandlinga inn til fylkesnemnda, som fredag avgjorde at tvangsbehandlinga skal vara heile svangerskapet ut. Marlene sin utveg blei då å ta abort.

– Det er eit grusomt faktum at ei lov som i prinsippet skulle beskytta det ufødde liv faktisk kan føra til ein abort, seier Jan Egeland, europadirektør i Human Rights Watch.

– Departementet lukka auga

Karl Harald Søvig

Jussprofessor Karl Harald Søvig ved UiB.

Foto: NRK

Jussprofessor Karl Harald Søvig ved Universitetet i Bergen kjenner til fleire tilfelle der tvangsvedtak har ført til abort.

– Når departementet diskuterte dette, då lova blei vedtatt, så lukka dei på eit vis auga og seier at denne bestemminga skal ikkje føra til fleire abortar. Denne og fleire andre saker viser at i nokre tifelle så fører inngrep etter lova til abort, seier Søvig.