Hopp til innhold

Fleire opnar for å velja E16 før ferjefri E39

Både Senterpartiet og Kristeleg folkeparti er no villige til å velja – om det gjev raskare utbetring av den rasfarlege strekninga mellom Bergen og Voss.

Ras ved Stanghelle E16

MÅ FIKSAST FØRST: Fleire parti opnar for å velja E16 og Vossabanen før ferjefri E39.

Foto: Karl Martin Valestrand

Fleire parti opnar no for å prioritera rasutsette E16 og Vossebanen framfor ferjefri E39.

– Vi ser problema som no er på E16. Dei er akutte og vi har dei no i dag. Då må vi prioritera dei i staden for raskare reisetid til Stord, seier fylkesleiar i Senterpartiet Jostein Ljones.

Han er klar på kva partiet vil velja – om ein må velja mellom strekninga mellom Bergen og Voss og ferjefri E39.

– E16 står veldig sterkt

Om det kan bety raskare realisering, vil òg Pål Kårbø frå KrF peika på Vossebanen og E16.

– I utgangspunktet seier vi at vi ikkje ønskjer å velja, samtidig ser eg at E16 står veldig sterkt. Her må vi gjera det vi kan og vera villig til å prioritera, seier Karbø.

Likevel gjekk samferdsleutvalet i fylkeskommunen i går inn for å prioritera både E39 og E16 når neste nasjonal transportplan skal rullerast.

Minister på Vaksdal

TA EIT VAL: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp meiner hordalandspolitikarane gjer lurt i å ta eit val.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Lurt å ta eit val

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp meiner hordalandspolitikarane gjer lurt i å ta eit val – om dei vil velja kva som skal komma først.

– Vi har som ambisjon å realisera begge delar, samtidig så vil nok hordalandspolitikarane vera med å påverka tempo og rekkjefølgja på kvart enkelt prosjekt. Når ein sjølv ikkje vil prioritera, så vil andre prioritera for ein. Då må hordalandspolitikarane spør seg om det er det dei faktisk vil, seier Solvik Olsen.

Nektar å velje

– Det er sjeldan eg er ueinig med mine eigne. Eg forstår spørsmålet, men samtidig synest eg at det her går an å ta både og, seier leiar i samferdsleutvalet Gustav Bahus, som og er fylkesleiar i Framstegspartiet.

Han nektar å velja mellom prosjekta. Det same gjeld Høgre og Arbeidarpartiet og Atle Kvåle.

– Det er ikkje grunnlag i vårt parti å seie at det er eit tema, så det vert ein hypotese som eg ikkje kan uttala meg om på dette tidspunktet. Eg trur ingen i Hordaland vil prioritera mellom dei to prosjekta, seier Kvåle.