Fleire mindreåringe asylsøkarar

Frå 2017 skal Voss kommune til ei kvar tid ha 22 einslege mindreårige flyktningar der 8 er under 15 år. Det har kommunestyret slått fast med 34 mot 8 røyster, melder avisa Hordaland. I år har kommunen mål om å ta i mot 18. Flyktningane skal busettast mellom anna i bufellesskap med tilsyn. Kommunalsjef Else Berit Kyte seier det også er behov for fleire besøksheimar, skriv avisa.