Trøbbel i trafikken også i dag

Mellom Ulveset og Fjell stod trafikken i morgontimane bom stille. Politiet har fått fleire meldingar om trafikkuhell i fylket.

kø mellom Ulveset og Fjell

KØ: Trafikken står stille mellom Ulveset og Fjell, melder ein innringar tysdag morgon. vegtrafikksentralen har sendt ut entreprenør for å salte vegen.

Foto: 03030-tipsar

Like før klokka 7 tysdag morgon fekk politiet fleire meldingar om trafikkuhell i fylket.

I Mykingveien i Lindås har ein bil køyrt inn i ein lyktestolpe. BKK er varsla. I Uskedalen i Kvinnherad har to bilar kollidert, og det skal også ha skjedd ein kollisjon i Alvøveien i Bergen.

kø mellom ulveset og fjell

LANGE KØAR: vegtrafikksentralen har sendt ut entreprenør for å salte på strekninga mellom Ulveset og Fjell.

Foto: 03030-tipsar

– Klokka 07.38 fekk me også melding om at trafikken står stille mellom Ulveset og Fjell. Vegtrafikksentralen er varsla, dei seier det er såpeglatt og skal sende ut bil for å salte, seier operasjonsleiar i politiet Preben Vallestad.

Ingen personar er komme til skade i kollisjonane. Trafikken kan også passere greitt, opplyser politiet.

LES OGSÅ: Frykter morgenrushet blir verre enn i går

– Verst mot Sotra, på Voss og i Samnanger

Kristian Fauskan, trafikkoperatør i vegtrafikksentralen, har fått mange meldingar om spegelglatte vegar.

– Verst er det ut over mot Sotra, der er det ganske glatt. Også på Voss og frå Samnanger får me ein del meldingar om glatt føre og mykje snø, spesielt på Voss, seier Fauskan.

– Generelt vil eg oppmode folk om å ta det med ro i dag og køyre etter forholda. Det er så vidt over null grader og det kan vere glatt.

Ut over dagen vil køyreforholda betre seg i bergensområdet.

– Der vil eg tru det roar seg etter kvart. Temperaturen stig og då smeltar snøen og isen. Men snøen som har lagt seg på Voss blir nok liggande.