Hopp til innhold

Ho jobbar gratis for dei sjuke

BERGEN (NRK): Åtte timar kvar veke går pensjonisten Randi Børdal i gangane på Haukeland universitetssjukehus for å ta vare på menneske i frykt, sorg og uvisse. Målet er å gjera møtet med sjukehuset lettare for dei besøkande.

Frivillig på Haukeland

VEGVISAR: Randi Børdal er pensjonist, men går på jobb to dagar i veka. – Sjølv om eg er pensjonist er eg frisk og rask.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Folk er kanskje spente når dei kjem inn her. Då kan det vera godt å ha nokon til å visa veg og i ein stressa situasjon sleppa å tenkja på alt sjølv.

Randi Børdal speidar utover resepsjonsområdet i hovudbygget på Haukeland universitetssjukehus. I mylderet av pasientar, pleiarar og pårørande strekkjer ho ut ei hjelpande hand til besøkande som har gått seg vill eller som treng hjelp.

– Kjevekirurgisk? Då skal du vel opp i andre etasje, tenkjer eg.

Haukeland universitetssykehus

MAURTUE: Om lag 12.000 tilsette arbeider ved Haukeland sjukehus. No skal stadig fleire frivillige gjera kvardagen lettare for tilsette og besøkande.

Foto: Helse Bergen

– Kjenner meg nyttig

12.000 tilsette arbeider ved Bergens største arbeidsplass. Børdal er éin av 34 frivillige som jobbar for å gjera besøket tryggare for dei om lag 800.000 som får behandling ved sjukehuset kvart år. Dei frivillige er vegvisarar for pasientar og pårørande, slår av ein prat på venterommet og finn mat til sengeliggjande.

Børdal er pensjonist, men to dagar i veka er ho på ulønt jobb.

– Eg kjenner meg nyttig i samfunnet og opplever at mange er glade for at me finst. Sjølv om eg er pensjonist er eg frisk og rask. Og så likar eg folk.

Inspirert av andre

Haukeland har henta inspirasjon frå mellom andre Haraldsplass Diakonale Sykehus, der tiltaket er så populært at sjukehuset no er på randa til å etablera ventelister (ekstern lenke).

Fleire sjukehus i landet satsar på frivillig innsats som eit bindeledd mellom travle tilsette og spente besøkjande.

Mona Vindenes

UTVIDAR: Prosjektkoordinator Mona Vindenes løftar fram dei ulønte frivillige som kvardagsheltar. – Utbytet er gleda dei gir andre.

Foto: Privat

Ved Haukeland skal ein no trappa opp satsinga, med tolv nye ulønt frivillige.

– I prinsippet klarar du deg utan frivillige, men det å sitja med ein pasient som treng ei venleg sjel kan utgjera ein stor skilnad. Det er ikkje snakk om å fylla noko yrkesbehov, men småting som gjer at pasientar og pårørande kjenner seg meir sett, seier prosjektkoordinator Mona Vindenes ved Haukeland universitetssjukehus.

Prosjektkoordinatoren seier dei frivillige har blanda motiv for innsatsen, men éin ting har dei felles.

– Mange kjenner på eit samfunnsansvar eller eit ynskje om å gjera noko for dei eldre. Utbytet er gleda dei gir andre, seier Vindenes.

Frivillig Haukeland

RETTLEIING: Randi Børdal viser veg til rett avdeling ved Haukeland. – Det er så enormt her. I tillegg er mange avdelingar flytta og gøymd vekk i mindre bygg. Då er det godt å ha nokon som kan vegen.

Foto: May-Helen Rolfnes / NRK

Etterlyser menn

I tillegg ynskjer Børdal å avlasta dei tilsette ved sjukehuset.

– Ein sjukepleiar skal gjera det ein sjukepleiar skal, og ikkje vera nøydd til å følgja pasientar rundt når me som frivillige skal gjera det.

Haukeland vil no utvida ordninga. Vindenes etterlyser spesielt ei gruppe.

– Me ynskjer å tilby lufteturar, barnevakt og følgesørvis til gudstenester. No har me frivillige i alle aldrar, men me manglar menn. Dei skulle me hatt fleire av.