Hopp til innhold

Fleire islam-krigarar kjem frå Vestlandet

Siste halvår har fleire IS-krigarar vorte rekruttert, og no reiser også fleire frå Vestlandet. – Det har utvikla seg til å bli eit problem som også gjeld Vestlandet, seier Bernsen i PST.

ISIL-medlemer i Tel Aybad i Syria.

ISIL-MEDLEMMER I SYRIA: Fleire nordmenn skal ha slutta seg til ISIL og kjempa på deira side i borgarkrigen i Syria. Mange av desse er frå Vestlandet.

Foto: STRINGER / Reuters

Martin Bernsen, informasjonsrådgiver i politiets sikkerhetstjeneste (PST).

UROVEKKANDE: Martin Bernsen seier det er urovekkande at mange reiser frå Noreg for å krige i Syria.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Eg vil ikkje nødvendigvis beskrive det som eit miljø, men me har sett at enkeltpersonar har reist frå Vestlandet, seier seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST.

Fleire ungdommar frå Vestlandet har siste halvåret reist til Syria for å kjempa for Den islamske stat (IS) i Syria og Irak.

– Urovekkande

Kampen mot styresmaktene i Syria og Irak har vore uvanleg brutal. Det har også vekt oppsikt at mange av dei som kjempar for den Islamske stat IS, gjerne kjem frå vårt eige nabolag.

– Det er urovekkande at det reiser folk frå heile landet, og det er sjølvsagt urovekkande for dei det gjeld, seier seniorrådgjevar Bernsen.

60 norske ungdommar har reist for å kjempe i krigen i Midtausten. PST er forsiktige med detaljar om dei som har reist.

– 10 er drepne

Minst 10 av dei 60 som har reist til Syria og Irak er nordmenn som har konvertert til islam. Mange av desse er etnisk norske.

– Av dei 60 personane så har rundt 20 av dei kome attende, og rundt 10 av dei er drepne, seier seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST.

Er nokon av dei som er drepne frå Vestlandet?

– Det kan eg ikkje kommentere, seier Bernsen.