Hopp til innhold

– Meir pessimisme blant tilsette i oljebransjen

Fleire ingeniørar i oljebransjen organiserer seg enn før. – Det har vore tut og køyr for ingeniørar i oljebransjen, no ser vi meir utryggleik, seier Stian Nyhus i NITO.

Stian Nyhus, regionsjef NITO

FLEIRE MEDLEMER: Regionsjef i NITO, Stian Nyhus, merkar ein auka skepsis blant tilsette i oljebransjen. Organisasjonen har nesten dobla medlemsauka si det siste året.

Foto: Ingvild Nave / NRK

– I årevis har det vore grønt lys for ingeniørar i oljebransjen. No ser vi at fargen er skifta til gult, fortel regionsjef for Norges Ingeniør- og teknologiorganisasjon (NITO), Stian Nyhus.

Berre i år har fleire hundre arbeidsplassar blitt kutta. Levarandørbedriftene er hardast råka, mellom anna fordi Statoil har varsla kutt og at det bli lågare aktivitet i Nordsjøen åra som kjem.

Trur på fleire kutt

oljearbeider, Statsfjord A

UTRYGG: NITO har merka ei markant auke i medlemstalet, og trur årsaka er at ingeniørane i oljebransjen føler seg meir utrygg enn før.

Foto: Oddvar Walle Jensen / Scanpix

Aibel kutta tidlegare i år 230 arbeidsplassar, minst 90 av dei i Bergen. FMC Kongsberg og Weatherford har også kutta over hundre arbeidsplassar kvar.

– Det ser ut til at vi vil sjå endå fleire kutt i tida framover, men korleis dette vil utvikle seg på lenger sikt er vanskeleg å spå, seier Nyhus.

Heldigvis er det stor etterspørsel etter ingeniørar i mange bransjar i Norge, slik at det sjeldan er vanskeleg å skaffe dei nytt arbeid.

– Ingeniørane er dei første som får merke permitteringar og kutt av stillingar i denne bransjen, så det er eit varselsteikn, fortel Nyhus.

NITO er Norges største organisasjon for ingeniørar og teknologar med 74 368 medlemer. 7935 av dei held til i Hordaland.

Nesten dobla medlemsauken på eitt år

Medan NITO, som representerer ingeniørane, tidlegare år har hatt ei jamn auke på litt over 2 prosent kvart år, er dei i år allereie i nærleiken av ei medlemsauke på fire prosent.

– Det er ei markant auke. Vi trur dette har samanheng med at det er meir utryggleik knytt til bransjen akkurat no, seier Nyhus.

Primært trur NITO at redusert aktivitet i norske områder, ulønsame prosjekt og at fleire kontraktar går til utlandet er årsaka til at bransjen har kjølt seg ned.

– Prisane har vore relativt stabile, så vi trur ikkje det er der problema ligg, seier Nyhus.

Berre starten?

Ein jobb i oljebransjen har vore draumen for mange, og er det framleis. Trass i at pila no peikar nedover, er Nyhus optimistisk.

– Det spørst om denne trenden held fram. Kva framtida vil bringe er usikkert. Somme meiner dette berre er starten på ein større nedgang, medan andre trur vi skal tilbake til gamle takter, seier Nyhus.

Urolegheiter i verda og endringar i gassrelevansar frå Russland er nokre av faktorane som kan stimulere norsk oljebransje.

– Det grunneleggjande er at vi må ha meir aktivitet på norske sokkel og får opna nye felt. Vi må vere optimistar, seier Nyhus.