Hopp til innhold

Gigantiske vindturbinar på veg over Nordsjøen

Denne veka skal fem kolossale vindturbinar slepast over Nordsjøen. Aldri før har ein liknande operasjon funne stad.

Vindturbiner slepes over Nordsjøen

VINDTURBIN: Fem vindturbinar skal i løpet av dei neste dagane fraktast over Nordsjøen. Turbinen måler 253 meter i lengd, der 78 meter stikk under vassoverflata.

Foto: Magne Langåker

– Det er ein stor milepæl for prosjektet at me har kome så langt, seier Monica Pettersen i Statoil.

Ho er prosjektleiar for samanstillinga av dei gedigne Hywind-møllene på Stord. Statoil sitt pilotprosjekt er bokstavleg talt i ferd med å nærma seg det endelege målet: Verdas første flytande vindmøllepark til havs skal produsera straum 25 kilometer utanfor Skottland-kysten.

Like etter klokka 23 i går kveld, ein dag forsinka, begynte frakta av dei fem gedigne vindturbinar over til Skottland. Der skal dei danna verdas første flytande vindpark.

– Førebuingane tok litt lengre tid enn ein hadde forventa. Det er ganske vanleg ved denne typen operasjonar, så det var ingen dramatikk over det, seier Pettersen.

Skal fraktast frå Stord til Skottland

SJÅ VIDEO: Store krefter i sving når fem turbinar skal over sjøen.

Halast til Skottland

Etter planen skal dei fem turbinane i pilotanlegget produsera straum til 20.000 bustader. Går det som Statoil håpar, vil pilotparken til to milliardar kroner bli den første av mange i ei verdsomfattande utbygging.

– Dette er stor teknologi og enormt spanande å vera med på, seier Pettersen.

I februar kom dei 75 meter lange gigangtvengjene til monteringsanlegget på Eldøyane på Stord. Etter månader med monteringar og klargjeringa starta jobben med å frakta turbinane frå fundamentet på land til ein flytande understruktur til sjøs i slutten av juni. Eit av verdas største kranfartøy stod for løftet.

Fire slepebåtar skal sørga for at vindturbinen, som i si fulle lengd målar 253 meter, manøvrerer trygt gjennom internasjonalt farvatn.

Vindturbiner slepes over Nordsjøen

PÅ VEG: Slepinga starta klokka 23 tysdag kveld.

Foto: Magne Langåker

Obs på bølgjer og havstraum

Turbinen stikk 78 meter under havoverflata. Det gjer at Statoil ikkje har overlate noko til tilfella når ein har planlagd den meter-presise sjøtraseen.

– Me er avhengig av havdjupnad for samanstillinga av turbinen, og sjølvsagt under heile taueoperasjonen over havet.

Operasjonen starta etter førebuing måndag og tysdag ettermiddag. Fire slepebåtar låg rundt turbinen og førebudde seg før overfarten. Turen over Nordsjøen er estimert til mellom tre og fire dagar.

– Ingenting er gjort på slump her. Me har ein klar plan for overfarten. Det er ein del logitistkk og mannskap som må til, seier prosjektleiaren.

På overfarten over Nordsjøen er ein avhengig av minst mogleg vind, bølgjer og straum.

– Det mest kritiske er vêrtilhøva. Men me føl vêrmeldingane tett og har skaffa oss eit vêrvindauga på nokre dagar for å få dette til.

Skal produsera straum innan nyttår

I 2015 gav skotske styresmakter Statoil klarsignal til å bygga den flytande vindturbinparken utanfor kysten av Peterhead. Etter planen skal dei fem turbinane i pilotanlegget produsera straum til 20.000 bustader.

– Når alle fem flytande vindturbinane er frakta over, kablar ein desse saman. Målet er at desse skal generera straum i løpet av seinhausten, seier Pettersen.