Hopp til innhold

Fleire hundre i protestmarsj

Fleire hundre aksjonistar i Hardanger marsjerer på laurdag i protest mot kraftmastene.

Protestmarsj mot kraftlina i Hardanger
Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Marsjen er arrangert av aksjonsgruppa Bevar Hardanger for å markera at dei ikkje er nøgde med regjeringa sin snuoperasjon i kraftline-saka.

Marsjen starta like før klokka 10.00 laurdag føremiddag, og ruta går frå Sjusete til Soldal.

Les òg: Klare for protestmarsj

Må holde oppe trykket

Målet med protestmarsjen er å halde trykket og engasjementet oppe i kampen mot kraftmaster mellom Sima og Samnanger. Aksjonistane er ikkje nøgde med Regjeringa si avgjerd om å vurdere sjøkabel på nytt.

- Nei, det er me ikkje nøgde med. Me er ikkje sikre på om situasjonen med straumforsyning er så dramatisk som Regjeringa og Statnett hevdar, seier leiar i aksjonsgruppa Bevar Hardanger, Klaus Rasmussen.

Bevar Hardanger krev ei ny utgreiing om det totale energibehovet til Bergen.

- Me stolar ikkje på at grunnlaget for å ta ei avgjerd i denne saka er tilstades før ein slik rapport ligg føre, seier Rasmussen.

Ein lang marsj

Aksjonistane går i fjellheimen over Norheimsund og Øystese, ein tur på mellom 8 og 9 timar. I løpet av marsjen skal aksjonistane gjennom fleire postar med musikk og appellar.

- Det er nok omlag 250 til 300 som er med og går, og det er me veldig nøgde med, seier Rasmussen.

Les òg: Hordalendinger snur ryggen til Ap

Les òg: Vil ha vestlendingar i ekspertgruppa

Les òg: Planlegger fremdeles lenkegjeng