NRK Meny
Normal

Fleire homofile sjekkar seg for HIV: – Anonyme testar gjer det mindre skummelt

BERGEN (NRK): På fem år har Helseutvalget sitt prosjekt Sjekkpunkt firedobla talet på HIV-testar i deira regi. Under Regnbuedagene i Bergen håpar dei endå fleire vil sjekke seg.

HIV-testing under Regnbuedagene i Bergen
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Vi ønskjer å nå ut til dei som ikkje oppsøker helsetenesta for å teste seg, seier leiar i Helseutvalget, Rolf Angeltvedt.

Saman med fleire frivillige har han sjekka inn på eit hotellrom i Bergen sentrum i samband med Regnbuedagene. Her kan menn som har sex med menn kome inn heilt anonymt og få sjekka seg for HIV.

– Mange synest det er fint å kome til noko anna enn eit sjukehus med helsepersonell. Her er det lågterskel, Thor Arne Løvdal i Sjekkpunkt-teamet.

– HIV ingen dødsdom

For drygt fem år sidan starta Helseutvalget for betre homohelse prosjektet Sjekkpunkt i Oslo. Det første året testa dei rundt 500 menn, men i år ligg talet an til å bli rundt 2000.

Oddvar Støylen testes av Thor Arne Løvdal

FLEIRE GJER DETTE: Anonyme HIV-testar gjer at fleire menn som har sex med menn no vågar å sjekke om dei har viruset. Her vert Oddvar Støylen, som er frivillig i Sjekkpunkt-teamet, testa av Thor Arne Løvdal.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Det har vore ein ganske lang veg for å få eit slikt tilbod på plass. Det vi driv med no er førebygging: Vi finn mange HIV-positive som elles ikkje hadde vorte funne så tidleg, og som har blitt sett på behandling slik at dei ikkje kan smitte andre, seier Angeltvedt.

Sjekkpunkt har base i Oslo, men reiser regelmessig på besøk til Bergen, Stavanger, Trondheim og Tromsø. I tillegg driv dei oppsøkande arbeid mot sexklubbar og kjente cruisingstader.

– Vi er menn som har sex med menn, som testar menn som har sex med menn. Mange føler nok at det er lettare å snakke med oss, seier Løvdal.

– Dei fleste får negative resultat, men dersom testen er positiv tar mange det tungt. Likevel er det viktig å hugse at det å leve med HIV no på ingen måte er ein dødsdom. Er behandlinga vellykka er ein heller ikkje smittsam, seier Løvdal.

Samarbeider med Regnbuedagene

Helseutvalget har eit tett samarbeid med Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, FRI, og det er difor ikkje tilfeldig at HIV-testinga no finn stad under Regnbuedagene i Bergen.

Rolf Angeltvedt

VIKTIG ARBEID: Rolf Angeltvedt i Helseutvalget meiner det er viktig å nå ut til dei som ellers ikkje oppsøker helstenesta for å teste seg for HIV.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Dette er spesielt viktig fordi vi har eit så stort arrangement som samlar mange ulike personar. Vi er glade for at ein får moglegheita til å teste seg lettvint og anonymt, seier fylkesleiar i FRI Kristian Kaarød.

Overlege ved poliklinikk for seksuelt overførbare sjukdommar på Haukeland universitetssjukehus, Kristine Åsheim, seier det er viktig at menn som har sex med menn òg testar seg for andre seksuelt overførbare sjukdommar.

– Når ein har gjennomført den første HIV-testen, anbefaler vi at ein kjem til sjukehuset for å ta testar for klamydia, gonoré, mykoplasma og hepatitt b. Det er òg viktig å hugse at HIV er ein sjukdom ein kan få behandling for og leve heilt godt med.

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio