Hopp til innhold

Rekordmange organdonasjonar på Haukeland

Haukeland universitetssjukehus har hatt nær ei dobling i talet på organdonasjoner frå 2009 til 2010.

Organdonasjon

Organdonasjon er aktuelt når pasienten er hjernedød.

Foto: BAZ RATNER / AP

Donorlege Gunhild Holmaas seier til Helse Bergen sine nettsider at det i 2010 var 15 donorar, samanlikna med ni i 2009.

På Haukeland har dei aldri før hatt så mange organdonorar. Det melder Helse Bergen på si heimeside.

Den tidlegare rekorden er frå 2005. Då vart det henta organ frå 14 personar.

– Sjølv om det var rekordmange i 2010, er det framleis låge tal vi snakkar om. Men likevel har det vore livreddande for alle dei pasientane som fekk organ frå donorane, seier Holmaas.

Til ei kvar tid står omlag 300 nordmenn står på venteliste for organtransplantasjon.

Gjev delar av æra til Facebook

Foreløpig kan donorlegen ikkje seie noko om kvifor talet har auka. Men ho har sine teoriar.

– Fokus på temaet gjennom til dømes sosiale media og fjernsyn gjer at folk snakkar om det heime. På den måten kjenner dei pårørande haldninga til avdøde når dei må velje å seie ja eller nei til organdonasjon, seier ho.

Organdonasjon

Organar frå hjernedaude bidreg reddar mange liv kvart einaste år.

Foto: Anders Leines / NRK

Ho meiner at sjølv om talet på donasjonar varierer frå år til år, har auken dei siste åra har samanheng med satsinga frå Helsedirektoratet og Stiftelsen Organdonasjon.

Trendy tema

I april 2010 la Stiftelsen Organdonasjon seg ut på Facebook, og så langt har talet på medlemmar stige til nærare 180 000.

Troels Mathisen

- I 2010 tok det av når det gjelder å snakke om organdonasjon seier, Troels N. Mathisen (biletet).

Foto: Privat

– Organdonasjon har blitt løfta opp i bevisstheiten til folk, og det har blitt mykje enklare å snakke om det, sier informasjonskonsulent i Stiftelsen Organdonasjon, Troels Normann Mathisen.

Han meiner at sosiale medier og mediedekning har bidratt til å gjere organdonasjon trendy.

Han vil likevel ikkje spekulera i om stiftinga sitt arbeid er ei medverkande årsak til rekorden på Haukeland universitetssjukehus.

Korleis stiller du deg til organdonasjon?