Hopp til innhold

Fleire fylleulukker med båt

Den rusa føraren på FItjar køyrde rett på land.

Båtkrasj Fitjar

Mannen som køyrde denne båten måtte til sjukehus etter å ha køyrd båt i ruspåverka tilstand.

Foto: Håkon C. Hartvedt

Klokka 01.18 fekk politiet melding om at to småbåtar hadde kollidert midtfjords utanfor Tysse. Fleire personar hamna i sjøen.

– Det er uklårt kor mange som var i båtane. Ein person fekk kutt og vart teken hand om av ambulanse, opplyser Terje Hilland ved Hordaland politidistrikt.

Føraren av den eine båten, ein mann i 30-åra, blåste til 1,52 i promille. Han vart køyrd til legevakta for blodprøve.

Fleire fylleulukker

Også på Fitjar vart ein mann skadd etter at han køyrde båt i ruspåverka tilstand.

Klokka 03.19 fekk politiet melding om ein fritidsbåt som hadde køyrd rett på land på Sørfonno på Fitjar.

Båtkrasj på Fitjar

Ein fritidsbåt køyrde rett på land på Fitjar.

Foto: Håkon C. Hartvedt

Båtføraren, ein mann i 40-åra, vart frakta til sjukehus for behandling av skader i ansiktet og hovudet. Politiet mistenkjer at han var påverka av alkohol.

Mannskap frå helsevesenet, marinen, Norsk Luftambulanse og politiet var involvert i redningsaksjonen som vart avslutta i 04.30-tida.