Hopp til innhold

500 barn blir fødd på veg til klinikken

Dobbelt så mange barn kjem til verda i bilen på veg til fødestova no som for 30 år sidan.

På 30 år har talet på fødande som ikkje når fram til fødestova eller kvinneklinikken dobla seg. Forskarar meiner sentraliseringa av fødetilbodet er ei forklaring.

Det er snart eit år sidan Lilly kom til verda, på vegen mellom Florø og sjukehuset i Førde. Mamma Lene Gjerde Sætren fødte i ambulansen på sjølvaste julekvelden.

– Ho hadde det så travelt. Det var kaldt, men heldigvis gjekk det bra. Lilly fekk ein særs spesiell start på livet, seier Gjerde Sætren.

Lilly og Lene Gjerde Sætren

FØDD I BUSSLOMME: Lilly (snart 1 år) kom til verda på vegen mellom Florø og Førde. Her på armen til mamma, Lene Gjerde Sætren.

Foto: NRK

– Mange fødestover er blitt nedlagde

Kring 500 fødande må ufrivillig føde utanfor ein institusjon årleg her i landet. Forskar Hilde Marie Engjom på Universitetet i Bergen har sett på dei ferskaste fødselsstatistikkane og samanlikna dei med situasjonen for tretti år sidan.

Det er kring dobbelt så stor risiko for å ikkje nå fram i dag.

Hilde Marie Engjom

– Det er kring dobbelt så stor risiko for å ikkje nå fram i dag. Ei av forklaringane er nok at mange fødestover har blitt nedlagde i mellomtida. Det har blitt større geografiske skilnader, seier Engjom, som og er lege på Kvinneklinikken i Bergen.

Det har vore ei auke i alle fylka i landet. Men det er i fylka med størst avstand mellom sjukehusa flest ikkje når fram.

Flest i Finnmark

0.69 prosent av fødande kvinner i Noreg når ikkje fram til fødestova. Delen er høgast i fylka med størst avstandar mellom sjukehusa. Planlagde heimefødslar er ikkje med i statistikken.

I Finnmark er når ei av 60 ikkje fram i tide. I Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane gjeld dette om lag kvar 75. fødsel.

UPLANLAGTE FØDSLAR UTANFOR INSTITUSJON:

FYLKE

1979-1983

2004-2009

HEILE NOREG

984 (0.39%)

2832 (0.69%)

Østfold

18   (0.14%)

131  (0.64%)

Akershus

51   (0.24%)

232  (0.54%)

Oslo

35   (0.13%)

229  (0.34%)

Hedmark

28   (0.30%)

80    (0.63%)

Oppland

56   (0.60%)

101  (0.79%)

Buskerud

40   (0.33%)

107  (0.54%)

Vestfold

17   (0.16%)

73    (0.43%)

Telemark

42   (0.46%)

110  (0.93%)

Aust-Agder

12   (0.20%)

45    (0.53%)

Vest-Agder

39   (0.40%)

99    (0.56%)

Rogaland

101 (0.43%)

235  (0.58%)

Hordaland

103 (0.38%)

340  (0.80%)

Sogn og Fjordane

45   (0.64%)

113  (1.32%)

Møre og Romsdal

99   (0.63%)

190  (0.97%)

Sør-Trøndelag

56   (0.36%)

199  (0.78%)

Nord-Trøndelag

53   (0.68%)

141  (1.38%)

Nordland

99   (0.64%)

180  (1.02%)

Troms

68   (0.68%)

118  (0.89%)

Finnmark

21   (0.39%)

105  (1.75%)

Ekspander/minimer faktaboks

Vil granske tala

Bent Høie (Høyre)

SKAL SJÅ PÅ SAKA: Helseminister Bent Høie, vil ha fleire jordmødrer i distrikta.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Helseminister Bent Høie (H) meiner utviklinga gjev årsak til å uro. Han vil sjå nærare på årsakene bak.

– Det er ikkje sikkert at nedleggingar av fødeinstitusjonar er heile forklaringa på dette. Sentraliseringa vart vedteke av eit samla Storting. Regjeringa skal sjå på korleis sjukehusa er organiserte.

Høie seier dei vil ha fleire jordmødrer i distrikta og at dette vil skape eit betre tilbod.

Like mange komplikasjonar

Undersøkinga gjort av UiB og Norsk Fødselsregister tek for seg fleire sider av fødetilbodet i Noreg. Mellom anna slår dei fast at det ikkje har blitt færre komplikasjonar ved fødslar sidan slutten av 70-talet.

Noreg er eit trygt land å føde i. Men sentraliseringa skulle skape gjere fødslar enno tryggare. Det finst ingen bevis for at det har skjedd, slår Engjom fast.