NRK Meny
Normal

Fleire dagar til E16 kan opnast for vanleg trafikk

Det vil ta fleire dagar før E16 kan opnast for vanleg trafikk. Flaumskadane ved Skorve aust for Evanger er omfattande. Det syner seg no at grunntilhøva er for ustabile til at det kan settast opp ei mellombels bru på den eksisterande vegen.

E16 rast ut øst for Evanger

STORE SKADER: E16 er rast ut aust for Evanger på grunn av flaumen sist veke.

Foto: Bente Bergstø / Statens Vegvesen

Brua det gjeld, ei såkalla militær «bailey-bru», må eventuelt i staden settast opp utanfor den eksisterande vegen. Dette vil ta tid å få til.

– Grunntilhøva er ustabile og dårlege og det må dessutan byggast tilførselsvegar fram til brua på begge sider, opplyser Statens vegvesen

Grunnekspertar til staden i morgon

I morgon skal grunnekspertar sjå nærmare på saka, og på ettermiddagen vil det bli tatt ei avgjerd.

Brua vil eventuelt kome på plass på laurdag dersom dette syner seg å vere ei trygg løysing.

LES OGSÅ: E16 framleis stengt – vurderer militærbru

Lysregulert omkøyring

Inntil vidare er det framleis lysregulert omkøyring for personbilar og køyretøy under 7,5 tonn via ein kommunal lokalveg på staden.

Køyretøy over 7,5 tonn må ta fylkesveg 7 via Hardanger og Kvamskogen.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.