Hopp til innhold

To menn arresterte og fleire cannabisplanter beslaglagt frå leilegheit

To menn på 20 og 24 er arresterte etter at politiet fann fleire store hasjplanter i leilegheita deira.

Hajsplantasje

SIKTA: To personar vart pågripe og vil bli avhøyrd tysdag.

Foto: Elisabeth Thomassen

Politiet stadfestar måndag kveld at to menn på 20 og 24 år er blitt arrestert i ei leilegheit i Solheimsviken i Bergen og at dei samstundes beslagla cannabisplanter.

Ifølgje operasjonsleiar Jan-Tore Heggholmen i Hordaland politidistrikt er det for tidleg å seia kor mange cannabisplanter det er snakk om, og politiet ønskjer ikkje å seia noko om kva det var som fekk dei til å oppsøka denne leilegheita.

– Plantene fylte 4–5 bilar

Hasjplantasje

FLEIRE PLANTER: Naboar til leilegheita politiet aksjonerte i såg politiet bæra fleire hasjplanter ut av leilegheita.

Foto: Elisabeth Thomassen

Naboar til leilegheita i Solheimsviken seier til NRK at politiet dukka opp på staden i 16-tida og at dei var der i fleire timar.

– Då eg kom heim såg eg fleire politibilar ute i gata og dei haldt på lenge med å bæra ut planter og utstyr. Plantene såg ut til å vera store og dei fylte 4–5 bilar, fortel nabo Elisabeth Thomassen til NRK.

Ho blei overraska over kor stort funnet av cannabisplanter i naboleilegheita såg ut til å vera.

– Eg fekk spørsmål frå politiet om eg ikkje hadde lukta noko, men eg veit ikkje korleis eg som ein vanleg person skulle vita kva lukt det er eg burde ha fanga opp, seier Thommasen.

Blir avhøyrde i morgon

Ho er glad for at politiet tar tak ulovlege ting som skjer, og synest det er dumt at han som leiger ut leilegheita politiet aksjonerte i, ikkje har passa betre på kven han har leigt ut til.

– Det er alvorleg når nokon har ein hasjplantasje midt i eit bustadfelt der det bur barn og alt, seier Elisabeth Thommasen.

Operasjonsleiar Heggholmen opplyser at dei to arresterte mennene vil bli avhøyrde i morgon.