NRK Meny
Normal

– Hus blei pepra med stein

Folk måtte springa i dekning etter sprengingsuhell tett på bustadfelt i Os. – Det hagla med stein over hovudet på oss.

Stein i husveggen i Os

STEIN I VEGGEN: Naboar melder om skader på hus, bil og naust etter eit sprengingsuhelle i Os kommune. Ingen personar kom til skade.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

To bilar og minst eitt hus skal ha fått skadar etter at det hagla stein over eigedomane på ei adresse på Lepsøy i Os måndag ettermiddag.

– Det er berre flaks at det ikkje er gått med folk. Sjølv var eg nede med sjøen, og det hagla stein over heile vika, fortel Kenneth Garvik

– La på sprang då eg såg steinane

Ein entreprenør fyrte av ein salve på ein byggeplass ved Røtingavegen. Steinane hagla over eit større område. Naboar måtte springa i dekning for steinmassane som kom flygande.

Anne Karin Frøkedal måtte springa og gøyma seg då store mengder stein kom over hustaket.

– Dei varsla med sirenen, så me visste dei skulle skyta. Men eg måtte legga på sprang då eg såg steinane koma flygande. Hadde eg blitt ståande, hadde eg fått stein i hovudet.

Kenneth Garvik med stein i husveggen

GLAD INGEN BLEI SKADD: Kenneth Garvik er sjeleglad det berre blei materielle skader etter uhellet.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Barn leika på trampoline – sprang i dekning

Uhellet skjedde i samband med planlagd anleggsarbeid. Fleire naboar reagerte på det som var eit uvanleg kraftig smell.

– Med tanke på kor store mengder som har hamna utover, er eg glad det berre er materielle skader, seier Garvik til NRK.

Fleire born skal ha leika på eit uteområde då ulukka skjedde, men ingen er skadde.

– Meldinga gjekk ut på at det regna med stein over ein eigedom der barn skal ha oppheldt seg på ein trampoline. Dei blei livredde, seier Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Stein haglet over boligområde

SPRENGINGSUHELL: Ingen personar skal vera skadde etter at det skjedde eit uhell i samband med sprenging måndag kveld.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Dramatisk melding

Først blei det meldt om skader på to bilar og to eigedomar. Seinare har politiet fått meldingar om fleire naboar som òg har fått stein over eigedomen.

– Meldingane var ganske dramatiske. Det viser seg at det er fleire som har blitt påført skader enn me først trudde. Me har sendt ut ein patrulje til for å få ein oversikt over omfanget, men skadane omfattar eit større område.

Stein ved TV etter spreningsuhell

STEIN I STOVA: Anne Karin Frøkedal måtte springa og gøyma seg då ein skur med stein kom over hustaket. Fleire steinar gjekk inn vindauga og inn i huset.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Politiet på staden er i kontakt med entreprenøren. Det er enn så lenge uklart kva som har ført til uhellet.

Ein representant frå entreprenøren ynskte ikkje snakka med NRK på staden.

Frøkedal er glad ingen blei trefte, men uttrykker uro for at barn var ute og leika i det steinen kom. For fire veker sidan fekk ho hol i hustaket. Då var det ei liknande episode frå det same anlegget.

– Det er verkeleg ekkelt.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik