Bergen Yards har inngått ein ny avtale med det spanske verftet Izar om bygging av dei to siste fregattane til forsvaret. Dotterselskapet Bergens Mekaniske Verksted skal saman med Kleven Maritime i Florø byggje modulane til fregattane.
Det seier dagleg leiar i Bergen Yards, Magnus Stangeland.
Skal bygge modular
Det uvisst kor mange arbedsplassar det er snakka om. Bergens Mekaniske Verksted har saman med Kleven Maritime i Florø lenge kjempa for å få kontrakta om samansettinga av to av dei fem nye fregattane til forsvaret.
Men av økonomiske årsaker gjekk dei tilbake på dette, og har no inngått ein ny førebelsavtale der dei i staden skal bygge modulane til dei nye skipa. Og dette er Magnus Stangeland svært nøgd med.
Millionar i kassen
Kor mykje kontrakta er verd i kroner og øre vil ikkje Stangeland sei. Men dei håpar at kontrakta også vil føre til at dei kan sikre seg vedlikehaldet av båtane dei neste 30-40 åra, og det kan tilsamann bety fleire 100 talsmillionar i kassen.