Hopp til innhold

Flyttar om ikkje elva blir sikra mot flaum

Huseigarar i Odda krev flaumtunnel etter at 85 hus fekk store skadar under flaumen i 2014. – Me kan ikkje gå i frykt kvar gong det kjem mykje nedbør.

Flaumredde huseigarar ved øvre Opo

FLAUMFLYKTNINGAR: Innbyggjarar i Øvre Opovassdraget vurderer å flytta viss dei ikkje får flaumsikringstiltak.

Foto: Tale Hauso / NRK

Oktoberflaumen i 2014 gjorde uutsletteleg inntrykk på innbyggjarane i Odda. Opo-elva flauma over og tok mellom anna med seg fem hus i sluket.

Men også sør for Sandvinvatnet råka flaumen hardt for to år sidan. Sandvin og Hildal i øvre del av Opo-vassdraget fekk store skadar på 85 hus. Over hundre menneske vart råka.

Medan det er gjort sikringstiltak i Opo-elva gjennom Odda sentrum, har lite skjedd lenger oppe i elva.

sørsida av sandvinvatnet

FLAUM: Når vasstanden i Sandvinvatnet er høg, ser det slik ut på sørsida.

Foto: NRK

Kjenner seg gløymd

– Vatnet stod 75 cm opp husveggen, og éin meter over riksvegen, fortel naboane Einar Riise, Elin Sandvin, Anders Gavle og Kjell Magne Riise. No er dei leie av å venta på sikringstiltak.

– Me er heilt gløymd. Det er ikkje gjort nokon verdas ting her.

Kjell Magne Riise bur på Sandvin, og er klar på at no må sikringsarbeidet i gang.

– Får me ikkje gjort noko med flaumsikring, har me ikkje noko her å gjera. Då må me kort og godt flytta herifrå.

Naboane meiner ein flaumtunnel er det einaste som kan gjera dei trygge.

Flaumtunnel i Opovassdraget

Planlegg flaumtunnel

Etter planen skal ein flaumtunnel under Odda sentrum ta vatn frå Sandvinvatnet ned til fjorden når elva fløymer.

– Det er viktig at me ikkje skal gå i frykt kvar gong det kjem mykje nedbør, seier innbyggjarane ovanfor Sandvinvatnet.

Sunnhordland Kraftlag har søkt om å få byggja ein kombinert flaumtunnel og vasskraftverk i nedre Opo.

I oktober støtta Regjeringa idéen, og la fram eit forslag for Stortinget om å opna for konsesjonsbehandling av kraftproduksjon i nedre del av Opovassdraget.

Regjeringa har gitt energi- og miljøkomiteen på Stortinget frist til 1. desember med å gi si innstilling og opna for konsesjonsbehandling.

Flom i Opoelva i Odda

RASANDE ELV: Oktoberflaumen i 2014 reiv vekk mange hus langs elva gjennom Odda sentrum.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Verna vassdrag

Det prinsipielt utfordrande med å tillata kraftproduksjon her, er at Opovassdraget er varig verna mot nettopp kraftutbygging.

Heikki Holmås i SV er positiv til flaumtunnel, men kritisk til å kombinera det med kraftutbygging.

– Det vil ta mykje av vatnet som renn gjennom Odda sentrum i dag. Dette er eit verna vassdrag, og me er redd dette vil opna for at mange vil ta omkampar om andre verna vassdrag.

- Landet som fellesskap må heller leggja pengane til flaumtunnel på bordet.

Opovassdraget oktober 2016

TRYGGARE NO: Det er gjort mykje sikringsarbeid langs nedre Opo sidan storflaumen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Analyserer framleis

Dette meiner naboane oppe i vassdraget er urealistisk.

–Faren er at utan kraftutbygging av Sunnhordland Kraftlag, vil ingen stilla dei 400 millionar kronene som trengst til flaumtunnel. Me trur ikkje det finst andre alternativ, og nå må dei koma i gang.

regionsjef Brigt Samdal i NVE

VURDERER: Regionsjef Brigt Samdal i NVE vil vurdera ulike løysingar for flaumsikring for grendene oppe i Opovassdraget.

Foto: Tale Hauso / NRK

Regionssjef Brigt Sandal i NVE avviser at grendene sør for vatnet er blitt nedprioritert.

– Me kan trygt seia at me ikkje har gløymd dei. Men me må analysera nærare kva som skal vera det rette tiltaket der oppe. Derfor ønsker me ei moglegheitsstudie for å få ei tryggare utgreiing av alternativa. Så skal me byrja å jobba med dette ut i 2017.