NRK Meny
Normal

Flått tok livet av elleve lam

Ein sauebonde i Uskedalen mista i haust elleve lam på grunn av flått.

Sauene hadde gått nokre veker på sommarbeite, då bonden fekk telefon frå ein nabo om at det låg daude lam på bakken, skriv avisa Kvinnheringen.

- Eg må seie eg vart veldig overraska då resultatet av obdusjonen viste at det var flåtten som på kort tid tok livet av elleve lam i haust, seier sauebonde Steinar Haugland.

Haugland vedgår at det å miste elleve av til saman 120 lam fekk konsekvensar økonomisk.

- Dette var lam som skulle gå til slakt, og tapet av dei betyr ein god del økonomisk. Tapet går rett av overskotet, og med dei små marginane vi har i sauehaldet i dag, vert det ikkje mykje att. 

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.