– Bonden seier at minst 40 av rundt 75 kyr er ute på beite, men det er uvisst kor mange kyr som har brent inne, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt Helene Strand.
Politiet fekk melding om brannen like før klokka 16. Politi, brannvesen, ambulanse og veterinær rykte ut, og då naudetatane kom til staden var bygningen overtend.
Politiet veit så langt ikkje om ein har greidd å redde ut nokre dyr frå fjøset, før bygningen sto i flammar.
– Det skal vere to-tre kyr utanfor driftsbygningen, men me veit ikkje om dei gjekk der før det byrja å brenne eller om dei kom seg ut, seier Helene Strand i politiet.
Ikkje lenger spreiingsfare
Det ligg ein skog like ved den brennande bygningen, og naudetatane arbeidde hardt for å unngå at brannen skulle spreie seg.
– Det er ikkje lenger fare for spreiing, seier operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt Helene Strand klokka 1706.
Vitne på staden melder om at bygningen står i fyll fyr og at det er stor røykutvikling, skriv lokalavisa Grannar. Avisa skriv òg bønder i området kom til for å hjelpa med å sløkkja brannen, og hadde med vatn frå Stordalsvatnet, som ligg like ved.
Tvilar på at kyrne i fjøset kan ha overlevd
Brannvesenet driv no ettersløkking på staden. Temperaturen i bygningen er framleis svært høg etter den kraftige brannen, og innsatsleiar Fredrik Alverstad seier området må kjølast ned før dei kan ta seg inn i fjøset.