Hopp til innhold

Fjøsbrann i Etne – mange kyr har brent inne

Eit fjøs med dyr sto i fyll fyr i Etne i Hordaland. Så mange som 35 kyr kan ha døydd i brannen.

Fjøsbrann i Etne

RØYKUTVIKLING: Fjøset stod i full fyr då brannvesenet kom fram.

Foto: Øystein Frønsdal Silde / Grannar

– Bonden seier at minst 40 av rundt 75 kyr er ute på beite, men det er uvisst kor mange kyr som har brent inne, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt Helene Strand.

Politiet fekk melding om brannen like før klokka 16. Politi, brannvesen, ambulanse og veterinær rykte ut, og då naudetatane kom til staden var bygningen overtend.

Fjøsbrann i Etne

Politiet veit så langt ikkje om ein har greidd å redde ut nokre dyr frå fjøset, før bygningen sto i flammar.

– Det skal vere to-tre kyr utanfor driftsbygningen, men me veit ikkje om dei gjekk der før det byrja å brenne eller om dei kom seg ut, seier Helene Strand i politiet.

Ikkje lenger spreiingsfare

Det ligg ein skog like ved den brennande bygningen, og naudetatane arbeidde hardt for å unngå at brannen skulle spreie seg.

– Det er ikkje lenger fare for spreiing, seier operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt Helene Strand klokka 1706.

Vitne på staden melder om at bygningen står i fyll fyr og at det er stor røykutvikling, skriv lokalavisa Grannar. Avisa skriv òg bønder i området kom til for å hjelpa med å sløkkja brannen, og hadde med vatn frå Stordalsvatnet, som ligg like ved.

Fjøsbrann i Etne

BRANN: Fleire brannbilar er på staden og deltek i sløkkjearbeidet.

Foto: Øystein Frønsdal Silde / Grannar

Tvilar på at kyrne i fjøset kan ha overlevd

Brannvesenet driv no ettersløkking på staden. Temperaturen i bygningen er framleis svært høg etter den kraftige brannen, og innsatsleiar Fredrik Alverstad seier området må kjølast ned før dei kan ta seg inn i fjøset.