Hopp til innhold

FosenNamsos ute - Fjord1 har vunne sju ferjesamband

Fjord1 tapte nyleg gigantkontrakt på E39, men no har dei vunne kontraktane på sju samband til ein verdi på 3,5 milliardar kroner.

MF Selbjørnsfjord

VANN KONTRAKT: Halhjem-Våge er eitt av sju samband som Fjord1 no tek over ansvaret for. Her ligg MF Selbjørnsfjord til kai på Våge.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ferjesambanda som Fjord1 no har kapra anbodet på, ligg alle i Hordaland:

  • Leirvåg-Sløvåg
  • Fedje-Sævrøy
  • Hufthamar-Krokeide
  • Husavik-Sandvikvåg
  • Hatvik-Venjaneset
  • Halhjem-Våge
  • Langevåg-Buavåg

Fylkesdirektør Oddmund Sylta opplyser til NRK at kontraktane har ein totalverdi på 3,5 milliardar kroner.

– Med denne kontrakten går ein i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer samstundes totalforbruket av drivstoff vesentleg, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

FosenNamsos ute

Fjord1 tapte nyleg gigantkontrakten på E39 Halhjem-Sandvikvåg til Torghatten Nord, men vinn no tilbake sju ferjekontraktar i Hordaland.

Det er Hordaland fylkeskommune ved Skyss som har tildelt dei sju kontraktane. Ferjesambanda vert i dag drivne av anten Norled eller FosenNamsos Sjø.

Fjord1 tek over dei sju sambanda frå 2018, og har tatt alle sambanda til FosenNamsos i Hordaland.

Halhjem-Sanvdvikvåg2

VANN FERJEKONTRAKT: Fjord1 tapte nyleg Halhjem-Sandvikvåg til Torghatten Nord, men tar tilbake sju samband i fylket.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Skal redusere utslepp

Før i dag fortalde NRK at ferjeprisane vil gå opp, grunna nye kontraktar. No er det klart at det er Fjord1 som har fått kontraktane på nokre av sambanda.

Fylkeskommunen opplyser at Fjord1 skåra høgast på alle dei tre tildelingskriteria, som var pris, miljø- og energieffektivitet.

Fjord1 har i sitt tilbod plikta seg til å redusere energibruken med 60 prosent og CO₂ utsleppa med 87 prosent i høve til utsleppa i dag.

– Prisen for å drifte desse sambanda vert høgare enn i dagens kontraktar. Fylkeskommunen har stramme økonomiske rammer og må kvart år kutte i budsjetta. Ein auke i ferjekostnadane er utfordrande, og ein må prøve å finne løysingar som gjer det mogleg å vareta miljøet samstundes som ein har kontroll på dei budsjettmessige konsekvensane, seier fylkesordførar Hestetun.