NRK Meny
Normal

Har jobba på spreng etter lov vart endra

Etter 17 dagar med ny lov merkar båtseljarar ei kraftig auke i båt- og motorsalet. – Me har ikkje mykje tid når det skal leverast 20 båtar i veka, seier båtmontør Fredrik Soltvedt.

Øyvind Sjursæther

MERKAR AUKA PÅGANG: Øyvind Sjursæther i Båt-Berge seier dei har selt 46 båtar etter at HK-avgifta vart fjerna.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fredrik Soltvedt

MÅ MONTERE BÅTAR I UTSTILLINGSLOKALA: Fredrik Soltvedt i Båt-Berge AS har det travelt med å montere båtar etter at HK-avgifta vart fjerna.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Dette er eigentleg ein båtutstilling, men slik som det er no, så må me berre stå der båtane står og montere, seier Fredrik Soltvedt som monterer båtar for Båt-Berge AS i Bergen.

Båtmotoravgifta som vart innført i 1978 og vart oppheva 1. juli 2014 låg på 161,50 pluss moms per hestekraft.

At kundar slepp å betale rundt 200 kroner per hestekraft gjer til dømes ein motor på 100 hestekrefter over 20.000 kroner billigare.

Det er noko som har verka inn på båtsalet hjå Båt-Berge AS i Bergen.

– Me har ikkje mykje tid når det skal leverast 20 båtar i veka, seier Soltvedt.

– 5-6 millionar auke

Geir Langaker

MEINER ALLE UTGIFTER SOM BLIR FJERNA ER BRA: Geir Langaker er sjølv båteigar og skulle helst sett at det ikkje vart lagt på avgift på diesel då HK-avgifta vart fjerna.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fleire båtleverandørar som NRK har vore i kontakt med melder òg om auka båt- og motorsal. Mange har frå 20 til 30 prosent auke så langt for salet i juli samanlikna med same månad i fjor.

– Me har selt 46 båtar etter at avgifta for hestekrefter forsvann, seier Øyvind Sjursæther som er seljar i Båt-Berge.

Denne auken håpar Sjursæther kjem til å fortsette gjennom sommaren.

– Me satsar på at me har mellom 10 og 15 prosent auke, og circa mellom 40 og 50 båtar auke. Kanskje 5–6 millionar kroner i auke, forhåpentlegvis meir, seier Sjursæther.

Kjøper mindre brukt

Fleire båtseljarar meiner det fine været kan ha verka inn på auken, men Sjursæther seier òg fjerninga av båtmotoravgifter har påverka.

– Det har iallfall vore ein del folk som har kjøpt ny båt i staden for å kjøpe brukte båtar som er eit-to eller tre år gamal, seier Sjursæther.

Er det mange nølarar som no tykkjer det er lettare å kjøpe båt?

Ja, det er jo litt rimelegare, og når du no har sommaren i tillegg, så er det med på å påverke, seier Sjursæther.

Magne Pedersen

SYNST DET ER TOPP AT HK-AVGIFTA BLEI FJERNA: Magne Pedersen som sjølv har båt til kai i Bergen vil gjerne at flest mogeleg skal kunne komme seg på sjøen, og tykkjer det er bra om fleire kjøper seg båt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2