Fjernar papirkontainerar på nyttårsaftan

Rakettforbodet i 2008 har gitt færre husbrannar. – No er problemet fyrst og fremst folk som tenner på boss- og papirkonteinarar, seier Frode Bødtker i Bergen brannvesen.

Fyrverkeri

TRAVEL KVELD: Brannvesenet rykker ut til færre husbrannar enn før, men har arbeid nok med å sløkke brannar i bosskonteinarar. I samarbeid med Bergen Brannvesen fjernar BIR difor enkelte av desse.

Foto: Per Løchen / SCANPIX

Medan dei fleste feirar det nye året i morgon kveld, har andre årets travlaste dag på jobb.

Frode Bøtker

– FÆRRE HUSBRANNAR: Men brannvesenet reknar framleis nyttårsaftan som ein kveld der det er stor fare for brann, seier Frode Bødtker i Bergen brannvesen.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Etter at forbodet mot rakettar med styrepinne i 2008 har me hatt færre husbrannar denne kvelden. No er problemet fyrst og fremst folk som tenner på bosskonteinarar og papirkonteinarar. Men det er framleis stor fare for brann på ei natt som denne, seier Frode Bødtker i Bergen brannvesen-

For å unngå dette fjernar BIR mellombels fleire av sine papirkonteinarar i Bergen denne kvelden. Her kan du sjå oversikta.

Her kan du ikkje skyte opp fyrverkeri

Lysfest fyrverkeri

Det er forbode å sende opp fyrverkeri innanfor den indre bompengeringen i Bergen sentrum. Bergen kommune stiller som vanleg med eige fyrverkeri i dette området.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Fleire tryggingstiltak setjast i verk denne kvelden. Det er lovleg å sende opp fyrverkeri frå klokka seks om kvelden til to om natta, men bur du i bergensområdet, kan du ikkje gjere dette kvar som helst.

  • Det er forbode å sende opp noko som helst fyrverkeri innanfor den indre bompengeringen i sentrum, og i brannsmitteområde i Salhus og på Lakesvåg.
  • Mindre fyrverkeri (klasse I og II), som har stigehøgd på mindre enn fem meter, kan brukast innanfor bompengeringen i sentrum. Det vil seie fyrverkeri av typen stjerneskot, spinnarar og fontener.
  • Fyrverkeri klasse III er tillate i området ved promenadevegen langs Store Lungegårdsvann og langs Nordnespynten. Då må det skytast over sjø og vatn.

LES OGSÅ: – Foreldre tar ikke aldersgrensen på alvor

– Styr unna lanterner og naudrakettar

Dei siste åra har det vorte populært å sende opp lyslanterner laga av papir. Dette er heilt forbode på grunn av brannfaren, seier Bødtker.

Skylanterne

ULOVLEG: Papirlanterner er fine å sjå på, men svært brannfarlege, og difor forbode.

Foto: ANTONIO BRONIC / Reuters

LES OGSÅ: Advarer mot lanterner

Freistar det å skyte opp naudrakettar frå båten, som byrjar bli for gamle, må du stå i mot den freistinga også.

– Eg vil råde folk sterkt frå å bruke dei. Då kan du risikere å setje i gong ein leiteaksjon heilt unødvendig. Sjølv om det er rundt klokka 12 må me ta høgde for at det kan vere nokon som er i nød, seier Bødtker som understrekar at folk flest er flinke til å følgje reglane.

LES OGSÅ: Gje hunden ein god start på året

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.