Hopp til innhold

Fjerde bortetap på rad for Brann

Ikkje sidan april har Brann tatt poeng på bortebane, men trenar Lars Arne Nilsen er langt i frå bekymra for haustsesongen.

Lars Arne Nilsen, Brann-trenar eliteserien 2016

Sjølv om Lars Arne Nilsen ikkje var nøgd med dagens resultat, er han ikkje bekymra for resten av sesongen.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Om ein tenkjer poeng så har vi tatt sju poeng på åtte bortekampar. Det er neste uavgjort i snitt, og det synest eg er ein bra statistikk, seier Brann-trenaren til NRK etter kampen.

I dag starta eliteserien sin første kamp etter ferie, og Sarpsborg tok i mot bergenserane.

Sjølv om Brann hadde ein god start på kampen, fekk dei aldri uttelling og første omgang enda 0-0.

I andre omgang spelte Sarpsborg best, noko dei fekk betalt for i det 60. minutt då Pål Alexander Kirkevold scora kampen sitt einaste mål.

Har ikkje marginane på si side

Bergensarane måtte dermed reise heim utan poeng også denne bortkampen.

– Vi er aldri fornøgd når vi taper. I dag møtte vi ein god motstandar, og Sarpsborg borte er ein kamp som i utgangspunktet er vanskeleg å vinne, seier Nilsen.

– Eg synest vi er ganske nær i dag, men dei vann fortent. Dei skapar litt meir enn oss og har fleire sjansar, men vi kunne snudd kampen i dag, meiner Nilsen.

Han har ikkje nokon klar taktikk for korleis dei skal snu ein litt svak trend på bortebane.

– Vi må bare halde fram. Vi er nyopprykka, og det er mykje marginar ute og går. Vi har tapt dei fire siste kampane med eitt mål, seier Nilsen.

Nykomponert midtstoppar-par

Brann måte også klare seg utan fleire spelarar i dagens kamp.

Kaptein Vadim Demidov skal snart bli far, og valde å prioritere tid med familien. Daniel Braaten og Bismar Acosta var ikkje kampklare til dagens kamp.

Det førte til at midtbanespelar Kristoffer Barmen måtte gå inn som vikar i bakrekka saman med Jonas Grønner.

– Vi har eit nykomponert midtstoppar par i dag, og eg synest dei speler ein fantastisk kamp.

På laurdag kjem Vålerenga til Brann stadion, og gir Brann ein ny sjanse til å sanke poeng.

Oslo-laget vil ikkje få noko gratis i Bergen. Dei fem siste kampane på heimebane har nemleg enda i siger for raudtrøyene.