Hopp til innhold

Fjellhallen ingen vil snakka om

Ved denne fjellhallen i Heggebakken i sentrum foreslår Frp å legga innhogget til ny bybanetunnel. Tidlegare har utbygging i området vorte stoppa fordi anlegget «er svært viktig for Totalforsvaret».

Hemmelig fjellhall i Bergen

TOTALFORSVARET: NRK har vore i kontakt med ei lang, lang rekkje offentlege etatar om kva som er bak desse dørene. Alt vi får vite er at det som er her 'viktig for totalforsvaret'.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Fjellhallen i Bergen kan stoppa byens viktigaste kollektivutbygging. Men ingen vil seia kva som faktisk er inne i hallen.

Denne veka la Framstegspartiet si bystyregruppe i Bergen fram sine eigne planar for ein alternativ trasé for Bybanen gjennom sentrum. Forslaget tek utgangspunkt i fagetaten sitt traséalternativ i Peter Motzfeldt gate mellom rådhuset og Sparebanken Vest sitt bygg ved Store Lungegaardsvann.

Forslaget går ut på å legga tunnelinnhogget ved Telenor sin fjellhall i Heggebakken. Tidlegare har utbygging og planar i området vist seg å vera svært krevjande.

«Knutepunkt for telekommunikasjon»

I 2003 vedtok bystyret i Bergen bustadbygging like ved, i samband med behandlinga av kommunedelplanen for sentrum.

«Det fremgår av innsigelsen at anlegget i Heggebakken er et knutepunkt for telekommunikasjon, som er svært viktig for Totalforsvaret», var svaret då Miljøverndepartementet to år seinare skrinla utbyggingsplanane.

Utbyggingsprosjektet vart i løpet av ein seksårsperiode redusert frå tolv bustadar til ein tomannsbustad. Beredskapsavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland konkluderte med at det ikkje kunne byggast for nær fjellhallen: «Den aktuelle tomten ligger i et område som er stoppet for videre eller ny utbygging».

Gradert informasjon

Arve Meidell

TAUS: - Dette er gradert informasjon, seier Arve Meidell som er beredskapssjef hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Foto: Hallgrim Hals / NRK

Kva som eigentleg er inne i fjellet er det ingen som vil svara på.

– Dette kan eg ikkje seia noko om, me uttalar oss ikkje om slike beredskapsinteresser, seier Arve Meidell som er beredskapssjef hjå Fylkesmannen i Hordaland.

– Det som skjer her er rett og slett så hemmeleg at de ikkje kan seia noko?

– Det stemmer, dette er gradert informasjon, seier Meidel.

NRK får opplyst at Telenor framleis har aktivitet inne i fjellhallen, og at dei ikkje har planar om å avvikla drifta.

Informasjonssjef for Vestlandet

TAUS: Per Aril Meling i Telenor vil ikkje kommentere saka.

Foto: Telenor

– Utover dette ønskjer me ikkje å kommentera saka, seier informasjonssjef i Telenor Per Aril Meling.

– Har de nokon tankar om at politikarane vurderer å byggja bybanetunnel her?

– Det einaste me kan seia er at me har kontakt med bybaneprosjektet i Bergen, og at fjellhallen er ein del av våre planar framover, seier Meling.

NRK har òg vore i kontakt med Forsvaret, som av prinsipp ikkje vil uttala seg om kva lokalitetar og anlegg dei er involvert i.

Etter det NRK forstår vert fjellhallen rekna som ein sivil og ikkje militær installasjon.

Anbefalar Bybane over Bryggen

BYBANESTRID: Politikarane i Bergen stridast om Bybanen skal gå over Bryggen eller byggast i tunnel gjennom delar av byen. Illustrasjonen viser Bryggen-alternativet.

Foto: Norconsult

Kommunen jobbar med saka

Kommunen si fagavdeling er i ferd med å gå gjennom innhaldet i forslaget, etter at Framstegspartiet i januar spelte inn hovudlinjene i forslaget i møte med byutviklingsbyråd Filip Rygg frå KrF.

Kommunaldirektør for miljø, klima og byutvikling, Anne Iren Fagerbakke, er avventande når NRK spør om kommunen vurderer tunnelinnhogget ved fjellhallen som problematisk.

– Eg kan berre stadfesta at me ser på saka og prøver å finna ut kva som er mogeleg, seier Fagerbakke.

– Har tidlegare sett på forslaget

NRK er kjend med at kommunen sine planleggarar tidlegare har vurdert alternativet, men konkluderte med at beredskapsmessige forhold gjorde at planane vart skrinlagde. Det endelege resultatet av arbeidet vart tunnelalternativet fagetaten har foreslått i Peter Motzfeldts gate.

– Det var der me måtte legga tunnelinnslaget for å unngå konflikt med viktig infrastruktur, seier ei kommunekjelde til NRK.

Rygg stadfestar at forslaget ikkje er nytt for fagfolka i kommunen.

– Det stemmer at fagetaten har sett på dette forslaget tidlegare. Men vurderinga var at det vart for komplisert. Men dette kjem me til å komma inn på når me legg fram utgreiinga me sitt og jobbar med, seier byråden.

– Burde vera mogeleg

Regiondirektør i Multiconsult Rune Kjærland seier at konsulentselskapet har god tru på at tunnelinnhogget ved fjellhallen er mogeleg å realisera.

– Me kjenner dette området godt, og ser ikkje nokon tekniske grunnar til at det ikkje skulle vera mogeleg å legga tunnelinnslaget her. Om det er snakk om å kopla om kablar er det relativt enkelt, seier Kjærland.

Han understrekar at det første Multiconsult gjorde var å sjekka ut kva som teknisk mogeleg i området.

– Men når det vert snakka om hemmelege ting, så er det jo alltid ein fare for at det kan vera ein eller annan «show stoppar», men i vårt selskap ser me som regel at ein får til det ein ønskjer, seier regiondirektøren.

Om det viser seg at konfliktane rundt fjellhallen er for store, peikar direktøren på eit alternativt forslag som går ut på å riva det nyaste bygget til Bergen Katedralskole.

– Det burde uansett vera mindre problematisk, sidan bygget likevel skal rehabiliterast, seier Kjærland.

Fylkesordførar Tom Christer Nilsen frå Høgre meiner det forslaget er svært problematisk.