Satsar på smilande lærlingar i kommunen

– Dei er så hyggelege og engasjerte, seier ordføraren i kommunen som har tatt inn rekordmange lærlingar. Andre kommunar får kritikk for ikkje å bidra nok.

Lærlingar i Fjell kommune: Birgitte Skjoldal (t.v.), Victoria Lunde og

IKKJE KOMMUNEGRÅ: Lærlingane Birgitte Skjoldal (t.v.), Victoria Lunde og Rebecka Haaland Andersen trivst og skapar trivsel på Fjell rådhus.

Foto: Fjell kommune

Heile 92 ungdommar er lærlingar i øykommunen Fjell vest for Bergen. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) er svært nøgd til dømes med at lærlingar jobbar på rådhuset.

– Det skapar engasjement og humør å ha blide ungdommar i staben. Dei er litt utradisjonelle i høve til det ein kanskje ser føre seg som ein typisk kommunearbeidar, seier Bjorøy.

Lærlingane sjølv tar dei kommunetilsette i forsvar.

– Dei er artige alle saman. Ikkje grå og kjedelege, seier 20-åringane Rebecka Andersen og Victoria Lunde.

– No i jula har me drive nissing med dei, og fått litt nissestrekar i retur. Leikemus i hovudet, plastedderkopp i nakken og slikt.

Livar opp

Det gjer unekteleg noko med arbeidsmiljøet når resepsjonistane går med juletre på hovudet og deler ut lussekattar på heile rådhuset.

Lærlingar i Fjell kommune: Rebecka Haaland Andersen (t.v.) og Victoria Lunde.

LUSSEKATTAR OG NISSESTREKAR: – Lærlingane våre er litt utradisjonelle i høve til det ein kanskje ser føre seg som ein «sat» kommunearbeidar, meiner ordføraren i Fjell.

Foto: Fjell kommune

– Responsen var god, underdriv jentene og ler.

Med to års læretid som elevar frå Sotra vidaregåande skule får dei jobba på kundesenteret og fleire andre avdelingar på rådhuset, samt i barnehage.

– Veldig variert og kjekt.

Kritiserer andre kommunar

Fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune meiner mange kommunar gjer alt for lite for å gi vidaregåandeelevar læreplass.

– Kommunane tenker for kortsiktig. Dei må ta ansvar. Me treng den unge arbeidskrafta.

Men Fjell kommune vedtok i 2015 å bli best på å ta inn lærlingar.

– Med nedgangen i oljesektoren vegra bedriftene seg for å ta inn lærlingar, så me ville gjera noko med det sjølv, seier ordføraren.

– Det å mangla læreplass kan øydelegga for dei som ønsker fagutdanning, supplerer varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell koommune

BEST I KLASSEN: Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og varaordførar Tom Georg Indrevik (H) har satsa på å ta i mot mange lærlingar i Fjell kommune.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Fjell kommune har forstått det. Kommunane må vera framme på stolen, seier regiondirektør i NHO, Tom Knudsen.

Treng trykk

På to år er talet på kommunale lærlingar i Fjell dobla. Ingen andre store hordalandskommunar slår dei.

Til dømes tok Bergen og Os kommunar i fjor inn om lag éin ny lærling pr. 1000 innbyggjarar. I Fjell var talet nesten tre.

Fagopplæringssjef Mjelstad er svært nøgd med Fjell.

– Dette er spesielt og veldig bra. Dette må til om me skal få trykk på lærlingordninga, seier han.

Blant andreklassingane på yrkesfag i Hordaland i 2016 hadde berre 34 prosent læreplass hausten etter. Mangelen er særleg stor innan helse- og omsorgsfag, eit område der kommunane er den desidert største arbeidsgjevaren.

Fagopplæringssjef i Hordaland

ROSAR FJELL: Fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune meiner kommunane må gjera som Fjell, og visa unge at dei ønsker arbeidskrafta deira.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Skuldar på økonomi

Også innan kontorfag, byggdrift og IKT kunne det vore relevante læreplassar i mange kommunar.

Det private næringslivet står for to tredelar av dei 5000 læreplassane i Hordaland.

Mjelstad seier kommunane viser til tronge budsjett. I Fjell kommune er prisen ikkje eit tema.

– Me tar samfunnsansvar for å gi ungdommen utdanning, seier ordføraren og varaordføraren.