Hopp til innhold

Fitjar

Vil Ap sin suverene posisjon stå for fall?

Kampen om vindmøllene har splitta folket i bygda, og spørsmålet er om veljararane vil straffa politikarane som gjekk inn for vindmølleparken. Nytt i Fitjar i år er at Venstre er tilbake i kommunepolitikken.

Politisk situasjon

Også i denne perioden er det Ap og KrF som set ved roret i Fitjar. Agnar Aaskog og hans Ap gjorde eit kjempeval i 2003 og fekk over 33 prosent av røystene, tett følgd av KrF med over 25 prosent. Agnar Aarskog satsar på ein ny periode, medan KrF sin varaordførar Annbjørg Stjern Tvedt er ute av listene og erstatta med toppkandidat Harald Rydland. Også FrP, Høgre og SV satsar på nye toppkandidatar. Og - etter eit fråvær på to valperiodar - vil no Venstre inn att i kommunestyresalen på Fitjar.

Aktuelle saker

Vindmølleparken på Midtfjellet har vore den store saka i Fitjar den siste tida, og sjølv om kommunestyret forlengst har sagt ja til planane, er det grunn til å tru at denne saka også vil prega denne valkampen. I så måte er det grunn til å merka seg at flertalet i samtlege parti gjekk inn for vindmølleparken, berre einskildrepresentantar røysta imot.

Elles er kommuneøkonomien i betring også i Fitjar, men politikarane skulle nok gjerne hatt meir pengar å rutta med. Til dømes til ein ny barneskule, som ganske sikkert vert ei viktig sak i komande periode.

Aktuelle kandidatar:

Agnar Aarskog (Ap), Sigurd Andre Maraas (FrP), Rune Sandvik (H), Harald Rydland (KrF), Lars Ove Rimmereid (Sp), Benedicte Stephanie Meyer (SV), Torstein Grimen (V)

 

Valstatistikk 

Valstatistikk Fitjar