NRK Meny

Fiskeoppdrett knytt til massedød

Norges Fiskarlag slår alarm etter massedød av krepsdyr nær sju oppdrettsanlegg, mellom anna i Sveio og Øygarden. Det skriv BT. Havforskarar har tidlegare trudd at massedøden skuldast naturlege fenomen, men no viser det seg at fiskeoppdrett nær funnstadane brukte den omstridde legemiddel-kombinasjonen deltametrin og azametifos kort tid i førevegen. – Eg er forundra og skaka, seier leiar Kjell Ingebrigtsen i Norges Fiskarlag til avisa.