NRK Meny
Normal

Stogga ni av ti oppdrettslaks på rømmen

Fiskefella i Etneelva har vist seg å vera ein suksess. Fella stogga i fjor 92 prosent av oppdrettslaksen som ville opp det nasjonale laksevassdraget for å gyte.

Fiskefelle Etne

TOK 92 PROSENT: Ni av ti rømde oppdrettslaksar har ikkje klart å passere denne fella på veg opp Etneelva for å gyte.

Foto: Øystein Skaala / Havforskingsinstituttet

– Over all forventning, seier prosjektleiar Øystein Skaala i Havforskingsinstituttet til Dagens Næringsliv.

I mange år har store mengder med rømt oppdrettslaks blanda seg med villaksen i det nasjonale laksevassdraget i Etne sør i Hordaland. Men det var før ei amerikanskprodusert laksefelle vart installert i elva i april i fjor.

Ein rapport frå Havforskingsinstituttet syner at 92 prosent av oppdrettslaksen som forsøkte å ta seg opp i elva, vart fanga og fjerna.

Godt nøgd

– Det var mange dystre spådommar og det sat langt inne å få finansiering. Men at vi etter første sesong kan dokumentere så god effekt, er svært bra, held Skaala fram til DN.

Sidan Etneelva er eit nasjonalt laksevassdrag skal villaksen i elva ha vern. Den nye fella bidreg ikkje berre til det formålet.

– I tillegg får vi detaljerte data på mengde, storleik, aldersfordeling og kjønnsmodning på rømt laks, vill laks og sjøaure, forklarar Skaala i ei pressemelding.

Fangstkammer

Fella er basert på seks meter lange flyterister. Fisk som kjem opp elva blir slusa inn i eit fangstkammer via ein opning. I dette kammeret kan fisken håvast opp ein og ein for måling, veging, prøvetaking og utsorterint av rømt oppdrettslaks.

SJÅ VIDEO: Slik er laksefella i Etne:

Håpar på fleire feller

Havforskingsinstituttet har fått nok av data å boltre seg med. I laksefella vart det i fjor registrert 1154 villaks, 922 sjøaure og 78 oppdrettslaks.

– Opplysningane kan vi til dømes bruke til å sjå på kor stor del av laksen som overlever i sjøen, tilvekst, alder og sjølvsagt kor mykje fisk som er i bestanden.

Skaala håpar no at dei gode resultata i Etne fører til at laksefella blir vidareutvikla til bruk i andre vassdrag som har problem med rømt oppdrettslaks.

Den amerikanske fella, som også er flyttbar, heiter Resistance Board Weir. Det er midlar frå havbruksnæringa, i samarbeid med støtte frå forvaltning og det lokale elveeigarlaget som har sikra at fella kom på plass i Etne. Det er første gong den er i aksjon utanfor Nord-Amerika.

Det var ikkje berre laks fella fanga i fjor. I oktober køyrde eit vogntog fullasta med søppel utfor E134 og hamna i Etneelva. Søppelet flaut i heile elva og titals frivillige jobba på spreng for å fjerne det frå både elvebotn og laksefella.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen