Hopp til innhold

Fire ras på fire timar, men vegen blir ikkje stengd

Vegvesenet har no konkludert at det ikkje er farleg å halda rylkesveg 7 gjennom Tokagjelet open, sjølv om det søndag morgon fram til klokka 10 gjekk fire små jord- og steinras i området aust for Kvamskogen.

Tokagjelet

– Vi har hatt samtaler med entreprenør og geolog, og har konkludert med at det ikkje er farleg å sleppa trafikken fritt forbi. Årsaka til problema er at det kjem ei blanding av vatn og slaps nedetter fjellsidene. Dette dreg med seg ein del stein og skit, seier trafikkoperatør Kjell Larsen ved Vegtrafikksentralen til BT.

Han seier dei vil ha bilar på staden som patruljerer den utsette strekningen heile dagen.

- Vi har også hjullastar på plass, får å få fjerna det som måtte koma ned.

Trafikkoperatør Ove Amundsen sa klokka 10.30 til NRK at det då akkurat hadde gått eit fjerde småras, der eit tre kom ned i vegbana.

Entreprenøren som er ansvarleg for denne vegstrekninga var då på staden.

– Faktisk var geologen allereie i nærleiken, så han er også no der og vurderer situasjonen, sa Amundsen.

Tokagjelet er den bratte vegstrekninga ned på austsida frå Kvamskogen, som er det største og næraste hytteområdet for Bergen.

Også på det tidspunktet var Tokagjelet ope, men ein stad var det eine køyrefeltet stengt.

Spørsmålet var om alle smårasa søndag føremiddag indikerte ein så stor rasfare at vegen må stengast heilt.

Klokka 12.30 var det avklart at det er forsvarleg å ha trafikk på vegen.

Større stein i nytt ras

Det første jordraset skjedde rundt klokka 6.

Vegen vart sperra av massane, og ryddemannskaper rydda opp. Men i 9-tida melde ein brøytebilsjåfør at det hadde gått eit nytt lite jordras i Tokagjelet.

Vegvesenet sine mannskap rydda opp att ganske raskt. Men like før klokka 10 melde vegvesenet om nok eit ras i det same området.

– Dette raset har gått litt lenger oppe i dalen, og det er meir stein der enn på den førre staden. Det er ein del store steiner også, opplyste trafikkoperatør Kjetil Larsen til BA.

Amundsen forklarar at rasfaren har auka på grunn av mykje nedbør og mykje snø dei siste dagane.

– Når marka er metta med vatn og ikkje klarer å absorbera meir, er det fare for ras. Det veit jo folk på Vestlandet.

Hydrolog Søren Boje ved Norges vassdrags- og energidirektorat seier til BA at skredfaren vil minka utover dagen.

– Ja, det kan virka slik. Det kjem til å bli kjølegare.

Hydrologen seier at slike skred ikkje er uvanleg når det er mykje vatn og temperaturane ligg rundt null grader.

– Vatn legger seg i sprekker og frys til is. Då kan steinar løsna og det kan rasa.