NRK Meny
Normal

Fleire personar skadde i Bybanekrasj

Bybanen i Bergen har kolliderte med ein bil som trilla ut i bybanesporet.

Bybanen kolliderte med førarlaus bil

Fleire personar blei skadde i kollisjonen og bybanevogna fekk materielle skadar.

Foto: Arne Ellingsen

Kollisjonen skjedde kl. 16.04.

– Ein førarlaus bil trilla ut i sporet og blei påkøyrt av Bybanen. Fleire passasjerar på Bybanen skal ha blitt skadde, seier operasjonsleiar Ronny Jarle Lentføhr i Hordaland politidistrikt.

Store materielle skadar på bybanevogn etter kollisjon

Knust glas og materielle skadar på bybanevogna etter kollisjonen.

Foto: Arne Ellingsen

Det skal i hovudsak vera snakk om kuttskadar. Tre personar er sendte til legevakt i ambulanse, og ein person blir sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Passasjeren som blei sendt til Haukeland universitetssjukehus er ein 34 år gammal mann og han er lettare skadd, opplyser Helse Bergen i ei pressemelding.

Veit ikkje kvifor bilen rulla

– Me har fått kontakt med eigaren av bilen. Kvifor den rulla ut i bybanesporet veit eg ikkje, men me opprettar sak og det vil bli etterforska vidare, seier Lentføhr.

Bilen blir taua til Biltilsynet, der det skal gjennomførast teknisk kontroll.

Bybanen krasja med bil i Bjørnsons gate
Foto: Arne Ellingsen

Det oppstod store trafikale problem på staden etter kollisjonen, men i 17-tida var bybanevogna fjerna og både bybanetrafikk og anna trafikk går som normalt igjen.

Bybanen som krasja med bilen var på veg sørover mot Nesttun og kollisjonen skjedde mellom stoppet på Danmarksplass og stoppet på Kronstad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.