Hopp til innhold

FIRE PERSONAR SIKTA I HALLIKSAK:

Søndag vart fire personar arrestert og sikta for hallikverksemd i Bergen. Det skriv Bergensavisen. Dei fire mistenkte er tilknytt eit rumensk miljø i byen og politiet mistenkjer dei for å ha fremja prostitusjon. Personane møter til fengsling i Bergen tingrett i dag. Ingen av dei erkjenner straffskuld.