Hopp til innhold

– Baugen knakk rett av

To vaksne og to barn hamna i sjøen utanfor Hjellestad då båten dei sat i byrja å ta inn vatn.

Båt forliste ved Hjellestad kai

BAUGEN KNAKK: Båten her henta inn til land. Årsaka til at båten tok inn vatn var at baugen knakk og dermed hamna personane i sjøen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Det var like før klokka 18.00 at det kom melding om at ein båt med fire personar om bord var i ferd med å søkke i Hjellestadosen utanfor Bergen.

Kort tid etter kunne Hovudredningssentralen i Sør-Noreg bekrefte at fire personar er henta opp frå sjøen. Det var to vaksne og to barn om bord i båten.

Redda seg til land med jetski

Redningsaksjon ved Hjellestad kai

REDNINGSAKSJON: Politibåtar og redningsskøyter rykka ut til båtforliset i Hjellestadosen.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Lars Magne Drange var ein av dei som var i båten. Han var ute på sjøen saman med dottera si, ein gut og hans mor for å køyre jetski.

– Vi kom køyrande med båten i medsjø og plutseleg knekk baugen på båten rett av. Den tok inn store mengder vatn. Vi var tre i båten og ein person på jetski bak båten, fortel han til NRK.

Drange forklarar at dei brukte jetskien for å komme seg til land.

– Var det dramatisk?

– Det gjekk greitt dette, men sjølvsagt skulle ein ha vore forutan ein slik oppleving. Eg har ingen forklaring på kvifor baugen knakk. Det var berre små bølger.

Created by InfoDispatcher

Fått jolla i land

Den vesle båten er av typen Pioner. Dei fire personane er no frakta trygt i land ved Hjellestad kai.

– Ein person seier han har smerter i ein fot så det må vi få undersøkt, avsluttar operasjonsleiar Bjarte Rebnor i politiet.

Naudetatane rykka ut med alle ressursar då meldinga kom inn like før klokka 18.00.

båtforlis i hjellestadosen