Hopp til innhold

Fire Bergens-russ narkotatt

Fire av fem som blei tatt for narkotikabruk under russetreffet i Kongeparken i helga, var frå Bergen, skriv BT. Den første bergensaren vart stansa i hovudporten fredag, og erkjente bruk av ecstasy. Natt til søndag vart tre bergensruss til tatt, og leverte positive urinprøver. «Alle tre seier dei røykjer i Bergen», står det i politiloggen.

Kø utenfor Kongeparken Landstreffet 2016
Foto: Kees Andre Zwikker Fjellvang