Hopp til innhold

Avgått byråd: – Får klump i magen av bråket i bergenspolitikken

Tidlegare byråd for klima- og byutvikling, Filip Rygg, er glad for at han slepp å vere ein del av bråket i bergenspolitikken. – Eg har vondt av dei som står oppi det.

Filip Rygg og Ragnhild Stolt-Nielsen

Filip Rygg og byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen på pressekonferansen der Rygg fortalde at han trekkjer seg som byråd. Fire månader seinare er han glad han slepp å stå oppi bråket i bergenspolitikken.

Foto: Jørgen Eide

Det er no litt over fire månader sidan Filip Rygg (KrF) kalla inn til pressekonferanse for å fortelje at han ikkje lenger ville halde fram som byråd for klima- og byutvikling i Bergen. Årsaka var den betente striden om trasévalet for Bybanen ut mot Åsane.

Konfliktnivået blant dei borgarlege har ikkje blitt noko mindre på fire månader. Filip Rygg er glad for at han slepp å vere ein del av konfliktane i bergenspolitikken.

– For å vere heilt ærleg, så får eg litt vondt i magen. Eg følgjer nyheitene i Bergen kvar einaste dag, og når eg ser at det stadig kjem saker om at det er bråk blant politikarane så får eg ein klump i magen.

– Glad eg slepp å forholde meg til det

Ein månad etter at Rygg trekte seg som byråd, følgde resten av partiet hans etter, og den solide borgarlege koalisjonen som har vore eit førebilete for Regjeringa kollapsa.

Men bråket stoppa ikkje der. Kranglane er ikkje berre partia i mellom. Stemninga har vore spesielt spent innad i Høgre.

Ifylgje VG i dag er ueinigheitane så store at det utløyste krangling i statsministerbustaden til Erna Solberg.

No knivar sittande byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen og utfordrar Martin Smith-Sivertsen om plassen på rådhuset.

– Det verste er jo sjølvsagt dei konfliktane som er innad i partia, og då tenkjer eg spesielt på Høgre. Eg håpar no at ting kan roe seg etter nominasjonane. Det er ikkje berre viktig for Høgre, det er viktig for heile byen og heile den politiske landskapen, seier Rygg.

– Er du glad for at du ikkje er ein del av byrådet no?

– Eg må jo seie at det er fantastisk moro å vere byråd, men på ei anna side er eg glad eg slepp å forholde meg til ein del av dei konfliktane som skjer no. Eg har vondt av ein del av dei aktørane som står midt oppi dette, og så tenkjer eg at Bergen treng meir stabilitet.

Ny jobb i tankesmie

Filip Rygg har no ny jobb i Tankesmien Skaperkraft.

– Eg kosar meg kvar dag eg kan sei meininga mi så sterkt som eg meiner det, og ikkje bli stilt like hardt til ansvar som ein gjer når ein er byråd.

– Er du heilt ferdig med politikken?

– Nei, ein blir jo ikkje heilt ferdig. Og litt av grunnen til at eg no jobbar for ei tankesmie, er jo at eg elskar politikk. Forhåpentlegvis dukkar eg opp i eit politisk forum ein gang i framtida, men det er herleg å gjere noko anna akkurat no.