NRK Meny
Normal

– Eg hadde sterke opplevingar i Bergen

Kronprins Haakon opna i dag dei 62. festspill i Bergen. Under talen delte kronprinsen eigne erfaringar frå studietida i Bergen på 90-talet.

I dag opnar Kronprins Haakon dei 62. festspill i Bergen. Opningsseremonien byr på ein smakebit frå det fargerike festspillprogrammet som skal vara 15 dagar til ende.

OPNA FESTSPELA: Kronprins Haakon opna dei 62. festspill i dag.

Temaet for Festspillene i år er fridom. Då Kronprins Haakon Magnus heldt tale under opningsseremonien i dag, var det nettopp fridom og kunst han var opptatt av.

– Musikk kan gje oss fridom, musikk kan styrke identiteten vår, hjelpe oss å forstå kven me er og gje oss utløp for kjensler.

Ein raus kronprins baud på eigne erfaringar frå då han studerte i Bergen på 90-talet.

– Her opplevde eg sterke kulturuttrykk, for eksempel på Hulen og på Garage. Dette var sterke opplevinga som eg hugsar godt. Slike kulturopplevingar kan skape ei intens fridomskjensle. Når me kjenner oss att i kunst, kan me oppleve augeblikk som er avgjerande for liva me lev, sa kronprinsen.

(Artikkelen held fram under filmklippet)

I dag opnar Kronprins Haakon dei 62. festspill i Bergen. Opningsseremonien byr på ein smakebit frå det fargerike festspillprogrammet som skal vara 15 dagar til ende.

HER GÅR KRONPRINSPARET INN PÅ FESTSPELA: Kronprins Haakon Magnus og Kronprinsesse Mette-Marit deltek på opninga av Festspillene i Bergen i dag.

Kickstartar folkefesten

– Festspillene gjer oss litt klokare, sa Erna Solberg under talen på opningsseremonien i dag. Det einaste det ikkje får lov til er å kjede oss, la ho til.

Og kjedeleg blir det heller ikkje kan festspilldirektør Anders Beyer love.

– Vi ønskjer å skapa ein folkefest i byen, og opningsseremonien er den beste anledninga til å kickstarte byen si stolte vårfest. Det blir både festleg og høgtidleg, seier festspilldirektøren.

Festdag

Over 800 gjester er invitert, blant anna ambassadørar og festspillkunstnere som Pussy Riot og dei nordkoreanske musikkelevane. Talar, operaperler, oppsiktsvekkande dans og heftige rytmar er berre noko av det Festspillene byr på.

På talelista står Kronprins Haakon, Statsminister Erna Solberg og ordførar Trude Drevland. I tillegg er det forfattar Tor Bomann-Larsen som er årets festspilltalar.

(Artikkelen held fram under galleriet)

Det er ikkje lov å ha paraply på området og vêrmeldinga har vist både sol, regn og overskya under opningsseremonien.

– Det er alltid ei risikosport å arrangera noko utandørs i Bergen, men heldigvis er bergensarane uredd og har ein lang tradisjon for å kle seg fornuftig, seier festspilldirektøren.

«Nystemten» etter tradisjonen tru

Etter tradisjonen tru skal Marianne Juvik Sæbø synga «Nystemten» før opninga av festspela saman med kongekorpset.

– Det er veldig kjekt og gøy å kunna synga med eit korps kvart år. At ei jenta frå Askøy får handhelsa på dei kongelege kvart år er og veldig stas, seier Sæbø.


– Må du øva på «nystemten» kvart år og?

– Eg må friska den opp igjen sånn at eg veit at eg kan orda og at det klinger bra, seier Sæbø.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.