Hopp til innhold

Festspela i Bergen har starta – for 66. gong!

BERGEN (NRK): Med sola i ryggen og Dronning Sonja i publikum opna i dag Festspela i Bergen.

Julie Røssland dirigerer korpset som spelar for Dronning Sonja

OPNINGSSEREMONIEN: Sjå bilete frå opninga av Festspela i Bergen.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK
UNG DIRIGENT: 17-år gamle Julie Røssland frå musikklinja på Voss Gymnas har fått æra av å dirigere Kongesangen.

Dei neste to vekene vert det igjen musikk og teater rundt om i heile Bergen. Alt frå opera til sørafrikansk musikal, frå klassisk musikk til sirkus.

Lars Vaular var konferansier under opningsseremonien, og stilte med både glimt i auget og musikkinnslag. Og i publikum sat sjølvaste Dronning Sonja, samt andre kjende fjes som kulturminister Trine Skei Grande, Audun Lysbakken, og Knut Arild Hareide.

I strålande solskin fekk dei mange frammøtte på Torgallmenningen ein smakebit på kva årets program har å by på.

Ordførar Marte Mjøs Pedersen heldt opningstala i år, og ho lova ein festival med eit spennande program – eit som har rukke å provosere allereie før festivalen har starta.

– Festspela gjer næring til tankar, sa ho.

Og dermed er Festspela i Bergen i gong.