Fest eskalerte på Søfteland

Det blei i 22.40-tida torsdag kveld meldt om ordensforstyrringar, festbråk og godt rusa personar i ei leilegheit på Søfteland i Os kommune. Ein patrulje rykte ut og fekk kontroll med dei aktuelle personane. Også ein hundepatrulje deltok i det som politiet omtalar som ein dialog med festdeltakarane. Det er ikkje meldt om personskader.