NRK Meny
Normal

Ferjeturen skulle ta 35 minutt – la til kai ni timar seinare

48 måtte tilbringe natta på ferja etter motorstopp. – Dette kunne blitt skikkeleg katastrofe, seier passasjer Ruth Hevrøy. Ferjeselskapet beklagar.

MF Trondheim i Austevoll

FORSØKER Å LEGGJE TIL KAI: Her gjer «MF Trondheim» forsøk på å leggje til kai ved Austevollshella, men må gå ut att i fjorden grunna vinden. Video: Børge Bjånesø / 03030-tipser

Klokka 20.34 måndag kveld fekk Hovudredningssentralen melding om at passasjerferja «MF Trondheim», som trafikkerer sambandet Krokeide-Hufthamar mellom Bergen og Austevoll, hadde fått motorstopp i Korsfjorden.

Grete Fuglem Tennås

BEKLAGAR: Grete Fuglem Tennås i Fosen Namsos sjø AS.

Foto: NRK

Kystvaktskipet «Ålesund» var like ved, og dermed såg det ut til at dei 48 passasjerane om bord skulle kome seg raskt i land på Hufthamar trass i motorhavariet.

Men slik skulle det på ingen måte gå.

– Det tok jo si tid. Dei kom ikkje til kai før klokka halv seks i dag tidleg, seier Andreas Bull ved Hovudredningssentralen tysdag morgon.

Vind og motormangel skapte trøbbel

Kystvaktskipet måtte vente på redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen» for å få assistanse til slepet. Redningsskøyta var framme i 23-tida.

– Det vil nok ta ein times tid før dei ligg til kai. Det er mørkt ute, så dei tar det med ro, sa Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen like etter.

Men først seks og ein halv time seinare la ferja til kai i Austevoll.

– Vinden gjorde det vanskeleg å leggje til kai når ferja var utan motor. Ein måtte vente til vinden løya, seier Andreas Bull tysdag morgon.

– Kunne vore skikkeleg katastrofe

Børge Bjånesø var ein av passasjerane som måtte tilbringe natta på ferja etter å ha lagt frå kai på Krokeide klokka 20.20 måndag kveld.

– Like etter at vi gjekk frå Krokeide merka vi at hovudmaskina stoppa, fortel han.

– Heldigvis låg kystvaktskipet like ved. Han låg og haldt hos att ei stund, men det var såpass mykje vind at vi måtte ha ein båt framme og ein båt bak, seier Bjånesø, som er fiskar.

– Eg er veldig glad for at «Ålesund» lå rett ved. Hadde vêret vore endå verre, hadde dette vore skikkeleg katastrofe, trur eg, seier Ruth Irene Økland Hevrøy, ei anna av dei 48 passasjerane som var ombord.

Endra slepet

Etter vel to timar var redningsskøyta på plass.

Motorstans MF Trondheim

FEKK HJELP: Redningsskøyta kjem for å bistå ferja.

Foto: Børge Bjånesø / 03030-tipsar

– Då slepte dei eit stykke. Men ferja dro mot ei side, og dei følte nok at dei ikkje hadde heilt kontroll. Dei bestemte seg for å endre på slepet, og feste tau på sidene i staden for framme og bak, seier Bjånesø.

Endringa av slepet tok fleire timar, fortel han.

– Så byrja vi å gå sakte, men sikkert mot land ved Austevollshella, sidan erstatningsferja lå ved Hufthamar. Men det var mykje vind, og vi hadde ein del problem med å leggje til land, seier Bjånesø.

Etter eit par forsøk på å kome til kai, var ferja i land vel ni timar etter at ho forlét Krokeide.

Folk sov i bilane

Bjånesø fortel at mange la seg til å sova i bilane sine i løpet av den lange overfarten.

– Mange var jo trøtte, og det er alltid nokon som blir litt sure. Eg hadde fleire familiemedlemmar med meg, så for meg gjekk det fint. Det var nok meir stusseleg for dei som var åleine. Men det var god stemning heile vegen. Kiosken var open, og vi fekk gratis hot dog.

Både han og Økland Hevrøy fortel at dei fekk god informasjon av mannskapet undervegs.

– Men det var ikkje nokon kjekk oppleving i det heile tatt. Det var fleire babyar og små ungar om bord, seier Økland Hevrøy.

– Folk sov kanskje litt i bilane, så kom dei opp att, og nokre la seg ned på setene på ferja. Men det var jo ein situasjon der det var lurt å vere våken, seier ho.

– Bomma litt på tida

Bjånesø fortel at dei undervegs fekk informasjon om at dei skulle vere i land før klokka 01.

– Men kapteinen bomma litt på tida. Når redningsskøyta kom, sa han at han rekna med halvanna til to timar før vi var i land. Men det stemte jo ikkje.

Tysdag fortalte NRK at ordførarane i fleire Hordalands-kommunar protesterer mot gamle ferjer som gir ustabile samferdslesamband.

– Denne ferja er forferdeleg gammal, og har vore problem med sidan dag éin, omtrent. Det er mange pendlarar som klagar på at dei støtt og stadig blir ståande og vente grunna tekniske problem. Vi treng heilt klart nye ferjer, det går ikkje an å halda fram slik, meiner Bjånesø.

Han fortel at han kom heim akkurat i tide til at den yngste sonen hans vakna.

– Det passa jo veldig bra, for då kunne eg ta meg av han. Men eg har ikkje sove i det heile i natt, så no må eg gå og ta meg ein strekk, seier han.

Ferjeselskapet beklagar

Adm. dir. Grete Fuglem Tennås i ferjeselskapet Fosen Namsos sjø AS beklagar hendinga overfor passasjerane.

– Det som skjedde var at motoren stoppa. Ein ba om bistand, og fekk sikra situasjonen. Det har tatt ein del tid grunna vêrmessige tilhøve, og også problem med taua. Det tok veldig mange timar, og det beklagar vi til dei som var involvert.

Ho seier ho ikkje kjenner detaljane i korleis situasjonen blei handtert, men at ho går ut i frå at ein gjorde sitt beste ut i frå tilhøva.

– Mannskapet om bord forsøkte å ta hand om passasjerane samstundes som dei skulle ta hand om ferja. Eg har forstått at det var relativt god stemning om bord. Men det blei ei lang natt, og det beklagar vi, seier Fuglem Tennås.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.