Hopp til innhold

Ferjesamband innstilt

På Halhjem – Våge er ferja innstilt fordi noko har sett seg fast i fartøyet. – Det er truleg noko utstyr frå eit oppdrettsanlegg og vi må ned med dykkarar for å sjå, seier reiarsjef Arild Hoff i FosenNamsos Sjø. Inntil vidare er ferjesambandet innstilt.