Hopp til innhold

Fryktar ferjesaka vil kome opp att

Debatten om ei eventuell ny ferjekai i Stord kommune har hatt harde frontar. I kommunestyret torsdag vart det bestemt at det blir som før, men motstandarar av ny kaiplassering kjenner seg ikkje trygge.

Kommunestyremøte Stord

HARDE FRONTAR: Mange har teke kraftig til orde for å unngå ferjekai på Kvernaneset. I kommunestyre i Stord torsdag hadde mange møtt opp for å følgje saka.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Ferjesambandet som vert diskutert går i dag frå Ranavik på Halsnøy til Skjersholmane, og spørsmålet har vore om ferjekaia på Skjersholmane på skulle flyttast til Kvernaneset.

I Stord kommunestyre vart det i dag vedteke at dei går for dagens løysning, og at ferja inntil vidare skal halde fram med å gå til Skjersholmane på Stord-sida. Det skriv avisa Sunnhordland.

Bad om utsetjing

Ordførar Liv Kari Eskeland (H) bad i starten av møtet om å utsetje saka, men framlegget vart etter ei stund trekt tilbake.

Ifølgje avisa ber kommunestyret om at det vert gjennomført tilleggsutgreiingar av Statens vegvesen for framtidige kryssingspunkt for ferjetrafikk mellom kommunane Stord og Kvinnherad.

John Magne Haugland frå Stord er ein av dei som har gått i bresjen for å unngå ferjekai på Kvernaneset. Han var sjølv til stades under kommunestyremøtet i Stord torsdag.

– Vi har grunn til å vere nøgde, men no er det omtrent fjerde gongen denne saka har vore til behandling. For vanlege folk verkar det som om dette berre er trenering, og i dette maktspelet som har vore til no så er det berre ordlydar som dei brukar for å komme seg ut av det med heva hovud, seier Haugland.

Fryktar saka vil kome tilbake

Han fryktar at saka kan kome opp igjen nokre år fram i tid.

– Ikkje at eg trur at dei som sit i dag våger å gjere det, men kanskje nye politikarar om nokre år våger det.

(Saka held fram under biletet)

MF "Hordaland" på strekningen Skjersholmane - Ranavik - Sunde

INGEN ENDRING: Ferjesambandet vil inntil vidare halde fram som før, slik som MF 'Hordaland' her trafikkerer strekka mellom Skjersholmane, Ranvik og Sunde.

Foto: Lars Johan Storækre

At ordføraren i kommunestyremøtet bad om utsetjing av saka vakte sterke reaksjonar hos Haugland.

– Det eg reagerer på er at ordføraren går krystallklart ut i både avisa og skriftleg til oss og seier at denne saka er godt nok greidd ut og at det seier rådmannen også. Men det første ho gjer i dag er å be om utsetjing. Så fekk dei ikkje det gjennom, og så vel dei å kome seg ut av det på ein annan måte, seier han.

Haugland trur årsaka til at det vart bede om utsetjing var fordi det torsdag ville ha blitt eit klart nei til utbygging på Kvernaneset.

– Ikkje så annleis frå utsetjing

– Eg ser jo klart at dei nok kunne tenke seg eit krystallklart nei til Kvernaneset. Samstundes var kommunestyret så tydeleg på at her er det nye høve som har kome inn i saka, med at ferjefri E39 no kan sjå ut til å få ei avklaring. Og då er det viktig å heile Sunnhordlandsbassenget i ein større heilskap.

Det er ordførar Liv Kari Eskeland sitt svar på Haugland sin reaksjon. Ho vedgår at saka vil på eit eller anna tidspunkt kome opp att.

– Vi står framleis med eit mellombels ferjeleie på Skjersholmane, og vi kjem til å bruke god tid og sørge for at prosessane blir grundige og gode. Alle skal bli høyrd, og vi skal ha folkemøte om dei alternativa som kjem opp når vi får sett på saka på nytt, seier Eskeland.

Ho fortel at årsaka til framlegget om utsetjing var at politikarane meinte det var kome nye opplysningar til som måtte vurderast, men at vedtaket ikkje skil seg så veldig frå ei utsetjing.

– Realitetane i saka vart ikkje så mykje annleis i høve til eit utsetjingsframlegg, kontra det som no ligg i bordet. Det er berre ein litt annan måte å gjere det på.