Hopp til innhold

Ferjebrannen på Bømlo sløkt

Over 20 timar etter at det braut ut brann på M/F «Strand» er brannvesenet ferdig med innsatsen.

Brann i MF Strand ferje på Rubbestadneset Bømlo

RØYK: Slik såg det ut på ferja klokka 16.00 fredag ettermiddag. No er brannen sløkt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Dei siste brannmannskapa returnerte frå staden 06.10. Då tok industribrannvern ved bedrifta over, og har gått inspeksjonar, fortel vaktleiar Steinar Eilertsen ved 110-sentralen i Haugesund.

423 innbyggjarar på Rubbestadneset på Bømlo vart evakuert då det braut ut brann i Norled-ferja M/F «Strand» laurdag morgon. Ferja låg i tørrdokk og var inne til service hjå LOS Marine då brannen braut ut.

– No er det veldig kaldt, så den røyken som innbyggjarane eventuelt ser frå dokken i dag er berre damp, forsikrar Eilertsen.

Brann i ferge på Bømlo

Over 400 personar vart evakuert frå Rubbestadneset på Bømlo. Verftet der det brann ligg tett opptil tettstaden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Krevjande aksjon

Brannmannskap frå heile distriktet har vore involvert i arbeidet med å sløkkja brannen. Det har nesten tatt 24 timar frå brannen braut ut, til brannmannskapa trygt kunne trekka seg tilbake frå Rubbestadneset. Over 40 brannmenn har vore med på innsatsen det siste døgnet.

– I natt har det gått roleg føre seg. Brannmannskap og røykdykkarar har gjennomført temperaturmålingar og søkt med varmesøkjande kamera for å sjå om det blussa opp att, fortel Eilertsen.

Brannen vart særs krevjande å handtera utover laurdagen, med høge temperaturar og mange små holrom der det var vanskeleg å koma til. Evakueringa av Rubbestadneset vart bestemt då naudetatane frykta at diesel og spillolje skulle ta fyr.

1300 personar fekk SMS-varsling frå kommunen. Ein brannmann vart sendt til Stord sjukehus laurdag kveld med lettare skader. Klokka 18.00 fekk innbyggjarane flytta heim igjen til husa sine.

Ferjebrann på Bømlo

Brannmannskapa hadde eit krevjande sløkkearbeid mellom anna på grunn av høge temperaturar.

Foto: Jan Kåre Ness

Veit ikkje årsaka til brannen

Ferja er utbrent, men Eilertsen på 110-sentralen vil ikkje uttala seg om ferja er så skadd at ho aldri kjem i trafikk att. Til vanleg går ferja mellom Skjersholmane og Ranavik for selskapet Norled.

Brannvesenet kan heller ikkje seie noko om årsaka til at det byrja å brenna. Det gjekk føre seg sveisearbeid på ferja når den låg inne til service, fekk NRK opplyst laurdag.

– Meldinga som kom inn til oss gjekk på at det brann i nedre salong på ferja. Men om det var der det byrja å brenne veit me ikkje, avsluttar Eilertsen.

Når temperaturane på ferja går ned og det blir heilt trygt å gå om bord, vil politiet starte sine kriminaltekniske undersøkingar på staden. Det skjer tidlegast måndag.

– Inntil vidare sperrar vi av på staden. Etterforskinga vil vise kva som er årsaka til brannen. Det er for tidleg å seie noko om no, seier operasjonsleiar Rune Plassen i Sør-Vest politidistrikt.

Mange evakuerte

Mange evakuerte oppheld seg i Bømlohallen på Bremnes, nokre kilometer vest for Rubbestadneset.

Foto: Jan Kåre Ness