Ferjebillettør Vegard: – Det gjeld å smila og vera blid

LANGEVÅG-BUAVÅG (NRK): Det er ikkje alltid lett å handsame stressa og frustrerte bilistar. For ein ferjebillettør kjem det godt med å ha gode sosiale antenner.

Ferjebillettør Vegard på MF Utstein

UT AV BILEN FOR Å BETALA: Passasjerar som skal betala for seg på Langevåg-Buavåg, må bli med ferjebillettøren opp på billettkontoret. Ikkje alle syns det er topp, men Vegard Barmen heldt på humøret.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I sommar kan du vere med på alle dei 19 ferjeturane i fylket. Turen er no komme til sambandet mellom Bømlo og Sveio, ferjestrekninga Langevåg-Buavåg.

Ferjebillettør Vegard Barmen låser opp billettkontoret på MF «Utstein». Dei som vil betale med kort må vere med opp hit. Dette er ei av mange ting som kan irritere passasjerar på Langevåg-Buavåg.

– Det hender av og til at folk blir sinte. Særleg når det er mykje folk og bilane må stuast tett. Dette er det mange som ikkje vil, fortel Barmen.

MF Utstein på sambandet Langevåg-Buavåg

LITA FERJE: MF «Utstein» er frå 1974. Det merkast på fleire vis.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Stempla av Vinskvetten

Barmen seier han er merksam på at han ofte er det første møtet med ferja.

-Det gjeld å smile og vere blid. Då løyser det meste seg.

– Kan du fullføre denne setninga? "Ikkje køyr inn på ferja før…

-"Eg seier køyr inn på ferja". Den er det mange som kjem med. Vinskvetten sin song har på mange måtar stempla oss ferjebillettørar.

Laster kart, vennligst vent...

Dette meiner NRK om Langevåg-Buavåg

Overfart og kaiar: 6

Det er ope og fint mellom Sveio og Bømlo. Me kryssar skipsleia og ser store deler av det typiske opne kystlandskapet. Kaien i Langevågen i Bømlo er midt i eit verftsområdet. Det er jo interessant sjølv om det ikkje er særleg vakkert.

Overfarten mellom Langevåg og Buavåg

Med MF «Utstein» kryssar du fjorden mellom kommunane Bømlo og Sveio.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy: 5

MF Utstein er frå 1974, og det synest. Det vert slite sjølv om det er godt vedlikehaldet. Det er ei ganske lita ferje, og har ein øvre salong som er heilt grei.

Service og fasilitetar: 3

Sjølvbetjening med kaffe på ei kanne. Den har den litt beiske smaken me gjerne kallar ferjekafe. Lite tilbod på kaiane. Du må opp på billettkontoret om du vil betale med kort.

Nostalgi og oppleving: 4

Dei får poeng for det herlege raude skai-interiøret i øvre salong. Elles er det jo ein sjarm i at det ligg to ferjekaiar yst på ganske smale distriktsvegar.

Totalt 18 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13