Hopp til innhold

Ferje køyrde på land

MF Sundferja er ute av drift etter at ferja køyrde på land ved Hjellestad fredag kveld.

Hjellestad1

Politiet fekk melding om hendinga litt før klokka 21:00 fredag kveld. Ferja hadde ein hard innfart då ferja skulle leggje til kai på Hjellestad sida.

– Politiet kom raskt til staden og det skal ikkje vere snakk om personskade eller lekkasje, seier operasjonsleiar Janne Steimler Sætre i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Ferja og ein fritidsbåt kolliderte nesten, så ferja måtte gjere ein unnamanøver og køyrde difor på land.

– Ferja skal ha fått ein del materielle skadar og er no ute av drift, seier Sætre. .

Det var fem passasjerar, ein bil og 2 tilsette om bord.

Ferja går frå Klokkarvik til Hjellestad, via øyane Lerøy og Bjelkarøy i Sund.

Laster Twitter-innhold